Aurland: – Det er mest is på Østerbø, og nesten farleg. Vanskeleg å få laga til løyper er det også. Det kan vera me prøver neste søndag att, men på Yr ser det heller dårleg ut, seier leiar i skigruppa i Aurland idrettslag Evy Veum.
Dei har ein skikarusell med fire skirenn i løpet av året, og eigentleg skulle første renn gå av stabelen i dag, laurdag. Grunna lite snø vart det først utsett til søndag.
Les også: Vêrforholda har utfordra skisporten denne vinteren
– Men me må utsetja det igjen, for det regnar på Østerbø. Me får satsa på sein vinter til fjells. Om det ikkje går neste søndag, håpar me på å få avvikla rennet som er sett opp 5. mars, seier Veum.