AUKE: Nye tal syner at det har vore ein liten auke i talet på innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Kart: Mapbox.
AUKE: Nye tal syner at det har vore ein liten auke i talet på innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Kart: Mapbox.

Liten folkeauke i Sogn og Fjordane

Det er 360 fleire innbyggarar i Sogn og Fjordane i 2015 enn det var i 2014. Det er om lag 40 prosent større folkevekst enn i fjor.

Ved årsskiftet var det registrert 109 530 innbyggarar i fylket.

Store utfordringar

Fylkesdirektør for plan og samfunn Svein Arne Skuggen Hoff meiner tala viser at vi framleis har store utfordringar med å få til ei vesentleg auke i folketalet.

– Tala viser at på regionalt og kommunalt nivå er det særleg viktig å utvikle mål- og handlingsretta strategiar for å få innvandrar til å bli i fylket, og for å redusere innanlands utflytting, seier, skriv Hoff i ei pressemelding.

Sunnfjordregionen, saman med Sogndalsregionen, tek mesteparten av folketalsauken. Det er folketalsauke i 15 av kommunane i fylket, og dette er ei auke i høve til 2014.

Innvandring skapar vekst

Innvandringa til fylket var i 2015 på 1499 personar, samstundes som 371 personar utvandra.

Dette gjer ei netto innvandring på 1128 personar. Innanlandsk flytting synar at 2025 personar flytta inn i fylket medan 2823 personar flytta ut. Dette gjer ei netto innanlandsk flytting på -728 personar.

Det var ei auke i innflyttinga med 268 personar og også ei auke i utflytting på 138 personar. Dette er ei reduksjon på 130 i høve til dei som flytta i frå fylket i 2014.

Men fylket har framleis ei negativ trend i høve til innanlandsk flytting. 
Tala viser at det framleis er innvandringa som framleis skapar folkeveksten.

Det vart i fjor fødd 1097 born i fylket. Samstundes var det 998 som gjekk bort. Dette gav eit fødselsoverskot på 99, ei reduksjon på 46 i høve til 2014.

 

Til toppen