VANN: Samarbeidslaget slo Askvoll/Holmedal heime på Cuba søndag. Foto: Jan-Ove Skjerping
VANN: Samarbeidslaget slo Askvoll/Holmedal heime på Cuba søndag. Foto: Jan-Ove Skjerping

Litt som Leicester utan Vardy

Samarbeidslaget tok ein ny 1-0-siger søndag.

- Det byrjar nesten å bli ein vane  Me er veldig solide defensivt og har berre sleppt inn to mål bakover i år. Og dei kom i kampen mot Balestrand, elles har me halde nullen, seier trenar Geir Kjetil Øvstetun.

- Manglar litt på siste tredelen

Samarbeidslaget i 5.divisjon avdeling 1 tok sin tredje 1-0-siger for året mot Askvoll/Holmedal heime på Cuba stadion søndag. I tillegg har dei 2-1-tapet mot Balestrand og 0-0 mot Fure med seg etter fem serierundar. 4-2 i målskilnad på fem kampar med andre ord.

- Det var inga blendande førestilling i i går, og eg skulle kanskje ønskja me klarde å skapa meir på siste tredelen. Me manglar nokre rørsler og den førløysande pasninga. Men det kan koma, me har brukt gutespelerar i kvar kamp og kjem til å gjera det framover også. 

- Få mål begge vegar, men siger blir det jo som regel - er 5.divisjonsutgåva av Leicester?

- Vel, det må vera utan Jamie Vardy, i så fall, humrar Øvstetun.

Håpar på full pott i dei to neste

Samarbeidslaget ligg på 3.plass i avdelinga, men har berre to poeng opp til serieleiar Balestrand med to kampar mindre spelt. Komande måndag møter laget Bjørn borte før dei avsluttar vårsesongen med Hyllestad/Dale 2 heime.

- Eg håpar på seks poeng i dei to kampane, då har me gjort ein glimrande vårsesong, seier Øvstetun.

- I femtedivisjon er det jo som regel heller eit høgare snitt på tal mål per kamp enn i dei høgare divisjonane. Dette de driv med er liksom onvendt. Har du vore borti liknande?

- Nja, det er veldig lenge sidan. Eit av dei første åra eg var seniorspelar tapte me 1-0 fem eller seks kampar på rad. Men då tapte me, altså, og det er eib vesentleg skilnad.  

 

Til toppen