VINNARAR: Samanlagt vinnarar av Lærdal Quiz vart laget " Litt Tao Kort "F.v: Torunn Voll Eltun, Knut Eltun, Elmar Gjesdal og Harald Mundal. Her saman med ansvarleg vertskap på Laksen, Dariuz. Foto: Privat.
VINNARAR: Samanlagt vinnarar av Lærdal Quiz vart laget " Litt Tao Kort "F.v: Torunn Voll Eltun, Knut Eltun, Elmar Gjesdal og Harald Mundal. Her saman med ansvarleg vertskap på Laksen, Dariuz. Foto: Privat.

"Litt tao kort" vart sesongens quizvinnar 

Den samanlagt vinnaren av Lærdal Quiz 2015-16 var Torunn Voll Eltun, Knut Eltun, Elmar Gjesdal og Harald Mundal.  

Lærdal: Den sjette sesongen av den tradisjonelle quizen i Lærdal vart avslutta på Laksen fredag den 13. mai. 

Årets vinnar, Litt tao kort, tok i år sin tredje samanlagt siger. 

Klare vinnarar 

Vinnarane tok ein ganske klar samanlagtsiger føre Generasjonsmixe ( Olav Aga, Johan Grøttebø, Bjørn Erik Aga og Kari Grøttebø) og Damlaust ( Ingebjørg Voll, Birgit Lervik, Ingrid Vindedal, og Lars Ø Vikesland) på 3.plass.

Vinnaren for kvar kveld vert premiert spesielt. Sist fredag vann like godt Damlaust begge rundane og berga 3. plassen samanlagt. Dei har tidlegare vunne tre gonger samanlagt.

Lærdal Quiz starta i 2010-11, dermed vart årets sesong, den sjette i rekka. Siste sesong starta i oktober og vart  altså avslutta fredag med to rundar a 20 spørsmål. Totalt har det vore 10 fredagar med eit gjennomsnitt på åtte lag.

Flytta til Laksen

Dei fem tidlegare sesongane har Quizen halde til på Kvamme. I førre sesong vart det gjort eit delingsforsøk med Kvamme og Puben i Borgund. Kvamme avslutta samarbeidet sist sesong og Laksen vart ny Quiz-stad.

Om det vert ein ny sesong med Quiz til hausten er ikkje avklart. Quiz-makarane  har fått klare innspel på å halda fram. Vilkåret  er å ha ein fast tilholdsstad, men stoda til Laksen er førebels ikkje avklart for 2017.

Til toppen