HJARTEBARN: For andre og siste år har Torunn Todal Laberg (midten) frå Årdal ansvaret for Nynorske litteraturdagar, ein festival ho omtalar som hjartebarnet. Foto: Nynorske litteraturdagar. 
HJARTEBARN: For andre og siste år har Torunn Todal Laberg (midten) frå Årdal ansvaret for Nynorske litteraturdagar, ein festival ho omtalar som hjartebarnet. Foto: Nynorske litteraturdagar. 

– Litteraturdagane har blitt eit hjartebarn

Torunn Todal Laberg ønskjer å gå ut med eit brak når ho leiar Nynorske litteraturdagar for siste gong i haust.

Aurland: – Dei Nynorske litteraturdagane har blitt eit hjartebarn for meg. Det er ikkje lett å gi slepp på, men det skjer så mykje spennande i Årdal som eg også vil vera med på.

Difor leiar Laberg litteraturdagane for andre og siste gong om nokre få veker. Og i år, som i fjor, er programmet smekkfullt av kultur frå alle sjangrar.

Høgdepunktet er kanskje laurdag, når eit heilt unikt samarbeid skal gi ei oppleving publikum seint vil gløyme. 

– I år er Fretheim hotell festivalhotellet vårt. Det er eigd av Flåm AS, som er medeigar i The Fjords. Slik har me fått til eit samarbeid for å ta i bruk den nye båten «Vision of the fjords». 

HISTORIEFORTELJAR: Jorunn Barane skal saman med Karl Seglem og Johannes H. Sjøvaag gi publikum ei unik oppleving midtfjords på «Fjordsyn».
HISTORIEFORTELJAR: Jorunn Barane skal saman med Karl Seglem og Johannes H. Sjøvaag gi publikum ei unik oppleving midtfjords på «Fjordsyn».

Heilt stille midtfjords

Den spesielle hybridbåten som går mellom Gudvangen og Flåm går over på el-kraft midtfjords i det fartøyet seglar inn i verdsarvområdet. Etter ei oppvarming frå Flåm Musikklag, vil då Karl Seglem, Jorunn Barane og Johannes H. Sjøvaag entra scena.

– Då er det ikkje ein lyd av båten, og det kjem mest truleg til å vere mørkt ute, og eg har bestilt fullmåne. Seglem og Sjøvaag har inngått eit samarbeid med Barane, som bur i Aurland. Ho er utdanna historieforteljar. Med tidlaust landskap som tema spelar dei på verdsarven som har vore slik i tusenvis av år medan dei står på eit hypermoderne fartøy, noko som får fram kontrastane, fortel Laberg. 

Ein dag for barna

Men Nynorske litteraturdagar startar allereie fredag. Då er det barnas dag med Morgonfrosken før Gabriel Fliflet, Kirsten Bråten Berg og Anders Røine presenterer omsette tekstar av Robert Burns. Kvelden vert avslutta med Tyl-kveld med Finn Tokvam og Halvor Folgerø.

– Kva dei finn på, er det ingen som veit, men at det blir kjekt, moro og underhaldande, er eg ikkje i tvil om.

Kjartan Fløgstad kjem

Laurdag er det fleire litterære samtalar, der mellom anna Kjartan Fløgstad er ein av dei som kjem til Flåm.

– Det er heilt fantastisk. Eg er nesten litt starstruck, og det kjem til å bli utruleg moro å ta imot han. 

Vidare same dag skal Hanne Frostad komponere årets festivalmiddag. Det vert lokalt musikkinnslag med Longhorn, medan Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga avsluttar laurdagskvelden.

– Det er Tor Jonsson-jubileum i år, og orkesteret ønskte å koma til oss, noko me synest er stas. Dei kjem som eit sjumannsorkester med mellom anna lærdølen Gudmund Skjær.

Litterær speed-dating

Søndag vert eit heilt nytt konsept testa ut, nemleg litterær speed-dating.

– Her vil eg oppfordre alle som går med forfattarspire i magen, eller som jobbar med foto eller kva det måtte vere, om å møte opp. Simone Stibbe i SKALD vil snakke med nettopp deg, og her kan du pitche ideen din. 

Det er også sett av in time til dei populære Elena Ferrante-bøkene, som er omsett til nynorsk. Omsetjar Kristin Sørsdal fekk i aprilMålprisen 2016 for sitt arbeid med å setja dei fire bøkene i Napoli-kvartetten om til nynorsk.

Forfattaren Elena Ferrante har hatt ein sensasjonell suksess over heile verda med bøkene om dei to venninnene Elena og Lila - og takka vera Sørsdal har Ferrante-feberen også kunna breia seg i Noreg.

Overskriding som tema

Og om ein trudde det ikkje kunne bli betre då, så kjem også Sigrid Moldestad til festivalen og avsluttar det heile. 

– Tema i år er overskriding, i ordets vidare tyding. Det vil seia at me skal vera rause, folkelege og levande. Det gir oss fridom til å inkludera ganske ulike prosjekt og kunstnarar og musikarar som jobbar på tvers av desse boksane. Her er det mykje som kan inspirere folk, avsluttar Laberg. 

Til toppen