PUBLIKUMSREKORD: Torunn Todal Laberg frå Årdal er prosjektleiar for Nynorske litteraturdagane for første gong i år og bidrog til at arrangementet sette publikumsrekord. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
PUBLIKUMSREKORD: Torunn Todal Laberg frå Årdal er prosjektleiar for Nynorske litteraturdagane for første gong i år og bidrog til at arrangementet sette publikumsrekord. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Litteraturdagane sette publikumsrekord

Torunn Todal Laberg frå Årdal markerte ti-årsjubileumet til litteraturdagane med rekord på første forsøk.

Årdal: Dette var første gongen prosjektleiaren for dei Nynorske litteraturdagane leia arrangementet. Etter mykje arbeid og hektiske dagar kan ho sjå tilbake på det ho sjølv skildrar som ei «fantastisk helg». 

– Det har vore heilt fantastisk. For det første må sjølvsagt aktørane på programmet nevnast. Dei har levert så utruleg bra. Og så har me i styret, leiargruppa og frivillige levert veldig bra, byrjar ho og drar fram dei frivillige.

– Dei er veldig erfarne og har vore med i mange år. Dei kjenner arrangementet, lokala me brukar og er superproffe. Dei gir så mykje av seg sjølv, så eg er så stolt og takksam. Folk har møtt opp, og på mange av arrangementa har det vore fullt hus.

Publikumsrekord

Det har faktisk vore så mykje folk Laberg kan slå fast at det er publikumsrekord på jubileumsåret. Billettinntektene er langt over det dei hadde håpa på og budsjettert med, fortel ho. 

No som prosjektet er over, kan Laberg endeleg slappe av litt, skulle ein tru, men allereie no er ho i gang med planlegginga av korleis rutinane kan bli betre til neste år, smiler ho.

– Eg har vore på føttene stort sett heile tida og fått med meg nesten alle arrangement, og eg har vel sove tre timar i døgnet, men det har vore kjempegøy. Det har vore mykje jobb i forkant, men når ein ser at ting fell på plass, er det verdt det.

– Eg har sanka masse erfaringar og er i gang med planlegginga av betre rutinar på små detaljar som berre eg legg merke til. Ting skal flyta betre og betre for kvart år eg er med iallfall.

Gode tilbakemeldingar

Den gode flyten har iallfall blitt lagt merke til. Både publikum og aktørar som bidrog på programmet kjem med positive tilbakemeldingar. 

– Aktørane rosar veldig og seier me har tatt godt imot dei, at me ser dei og teke godt imot dei. Det er viktig for oss å få dei tilbakemeldingane, seier prosjektleiaren.

Til toppen