Indre Sogn: Etter mange år med kreft, vart Liv Frøydis Norevik (54) i 1999 erklært frisk og kreftfri.
Her kunne historien ha enda som ei solskinnshistorie. Om korleis eit menneske kjempar mot kreften, blir kvitt den, og vinn. Men for Frøydis blei verkelegheita annleis.
I 2014 skjedde det som ikkje skulle skje. Uhelberedeleg kreft.
– Eg må no berre leva med det, og håpa på at kreften ikkje spreier seg meir. Eg kan ikkje leva i frykt, og eg har aldri vore inne på Internett og lese om kreft eller behandling. Det torer eg ikkje.
– Eg lever dag for dag, for ein kan ikkje leva i frykt. Og så håpar eg at eg får feira 60-årsdagen min om vel fem år.
Les heile saka her.

Yahya kom til Norge i 2014. No er han bonde på jakt etter ein gard til sals
Ali kom til Norge i 2014, og likar seg godt i kunstnarbygda. Der bur han saman med kona si, tre søner og ei dotter. Etter fire år i landet, fekk han leige området som han no driv garden sin på.
– Eg jobbar heile tida. Frå klokka åtte til fire er eg snekkar, så er det nett heim å ete middag før eg jobbar her på garden frå klokka sju til midnatt, seier han.
Les heile saka her.

Spelte til minne for broren som tok sitt eige liv
Då Kaupanger spelte årets første treningskam mot Skreia, hamna det sportslege i skuggen for det kampen eigentleg handla om.
Ikledd same drakt spelte søstrene Agnethe, Marthe og Beate Gjerde Stølen frå Lærdal for å heidra minnet til broren Eirik, som tok sitt eige liv i april i fjor.
– Meininga med heile kampen er at det skal bli meir merksemd rundt sjølvmord. Korleis me skal oppføra oss mot ein som har sjølvmordstankar, eller har forsøkt å ta livet sitt, og korleis me skal oppføra oss mot etterlatte, seier Marthe Gjerde Stølen, som tidlegare spelte for Kaupanger.
Les heile saka her.

Iben (24) jobbar for to og har nettopp kjøpt seg hus: – Du må jobba for det du vil ha
Kva får ein ung gut til å jobba så mykje? Draumar, mål, og trivsel, ifølgje han sjølv.
Det har ikkje alltid vore like enkelt for Iben. Han har mange år med negative opplevingar i bagasjen.
– Nei, livet har ikkje alltid vore like bra. Det var litt vanskeleg før, og eg har gått gjennom litt forskjellig.
– Men eg har kome sterkare ut av det, og eg ville ikkje ha bytta vekk det vonde for noko likevel, for då trur eg ikkje at eg hadde vore den personen eg er i dag. Eg trur ikkje eg hadde vore så positiv og blid.
Les heile saka her.

Møt dei nye sogningane: – Eg skal bu i Sogn til eg døyr
Det er dystre utsikter når det gjeld folketalet i store deler av Noreg, men spesielt i Sogn. Fleire peiker på at innvandrarar kan vera redninga. Men er det løysinga? Og er sogningane i så fall opne og inkluderande nok til at folk vil koma og etablera seg her? Kva meiner innvandrarar om eit liv i Sogn?
Saleh Ali–Saleh frå Eritrea er ikkje i tvil. Han kom til Norge i 2012 og har funne heimen sin for resten av livet.
– Her skal eg bli til eg døyr! Det å kunne køyra trygt frå heimen til jobb, vita at familien har det trygt og godt, er det viktigaste, seier han.
Les heile saka her.

Marie (31) har kjempa mot vekta i over 10 år - endeleg går det rett veg
Dei siste 10 åra har Marie Madocs Moen kjempa ein lang og hard kamp mot vekta. Vegen har ikkje vore berre enkel, men i dag står Marie rak i ryggen med 63 kilo mindre på kroppen.
Marie hugsar godt den dagen i 2008 då ho gjekk på vekta og talet stoppa på 149. På den tida var ho 20 år og aleinemor til Linnea. Fram til ho blei gravid var ho normalvektig, men kjærestekilo, graviditet, og brudd førte til at ho la på seg meir enn ynskja.
– Mamma hinta til at eg kanskje skulle vega meg ein dag, og då eg gjekk på vekta og såg talet så tenkte eg berre "Fyflate. 149 kilo. Det er mykje det", seier Marie.
Les heile saka her.
