Liv laga for Årdalsfest

Kort oppsummert seier arrangørane av testfestivalen at dei er godt nøgde både med arrangement og oppmøte. Om kort tid skal samarbeidspartnarane møtast til eit evalueringsmøte.

Sjå fotogalleri over teksten. Bla med pilene :

Det er Henrik Rønningen som seier dette til Porten.no i dag. Han uttalar seg på

SLITNE, MEN NØGDE: Henrik Rønningen er temmeleg sikker på at det blir Årdalsfest også neste haust.
SLITNE, MEN NØGDE: Henrik Rønningen er temmeleg sikker på at det blir Årdalsfest også neste haust.

vegner av samarbeidspartnarane Samhold, Tya og Utla i Øvre Årdal.

Bra oppmøte i sentrum

Det er såleis alt for tidleg å seie noko om "testfestivalen" gjekk opp økonomisk.

- Men sjølve oppmøtet er me nøgde med, seier han.

Fredag kveld under standup-showet hadde flest folk samla med nær 300 besøkande. På andre plass kom laurdag kveld. 250 festglade menneske møtte fram for å vera med på fest saman dei lokale heltane Raaskinn og System of Six.

 

Endringar neste år

Det har vore mykje vaksne folk å sjå denne helga, men i går kveld var det tydeleg den unge garden som var i fleirtal.

Rønningen er temmeleg sikker på arrangørane kjem til å halda Årdalsfest også neste år, men då med nokre endringar i innhald, dato og klokkeslett.

- Det kom i alle fall for tett innpå Målrock, det er sikkert, men uansett så har me vore heldige med vêret. Og alt har gått fint og sømmeleg føre seg, det har ikkje vore noko tull og bråk, smiler han.

Til toppen