Liv og lamming døgnet rundt

Å bli fødd er truleg den tøffaste opplevinga eit lam skal igjennom. Likevel treng ikkje lamma mange minutta for å koma seg på beina.

I fjellbygda Borgund i Lærdal, 500 moh, tilpassar bøndene lamminga slik at lamma får sleppe ut på fjellbeite når graset er passeleg høgt og grønt.

PÅ VEG DIT DET SKJER: Hallvard Haugen har 105 søyer og rekner med å få om lag 240 lam under årets lamming. 
Foto: Ina Eirin Eliassen

Lamminga held på i kring tre veker, og i midten av mai er tida inne for å sleppe ut i det fri. ​At lamma får ein god start på livet, betyr mykje for kvaliteten på kjøtet som til slutt ender opp på matbordet ditt.

Porten.no har komen til Hallvard Haugen på Borlaug og er klar for å vera med årets lamming på garden.

– Det er så stille hos meg i dag, men hos bror min Anders er det full fart, seier han.

Me kastar oss i bilen og reiser opp til Haugen gard, der Anders Haugen har 150 søyer av typen norsk kvit sau. Til no har han fått kring 150 lam, men fleire skal det bli. Berre så langt denne onsdagen har det kome til 17 lam. Fostertellinga med ultralyd gjer at Anders kan vente seg kring 350 lam. Kjem det så mange, er han er godt nøgd.

Artikkelen held fram under biletet

NYSGJERRIG OG TILLITSFULL: I fjøset på Borgund har Anders Haugen sauar i dei fleste rom og krokar. I tillegg til nokre kyr og kalvar. 
NYSGJERRIG OG TILLITSFULL: I fjøset på Borgund har Anders Haugen sauar i dei fleste rom og krokar. I tillegg til nokre kyr og kalvar. 

Kjem som perler på ei snor – stort sett

Anders tek oss med inn i fjøstet, forbi nysgjerrige og tillitsfulle søyer som gjerne vil helse på og bort til lammet som kom til for kring ti minutt sidan. No er det berre å vente på at nummer to banar veg.

Anders kiker etter og ser at lammet slit med å koma seg ut. Berre ein fot er ute. Han hjelper til og vips sklir lammet ut med hovudet først og ei klissete, blodig og gul hinne rundt seg. Der blir det liggande. Tvillingen startar kampen med å kjempe seg på beina medan mor tek til å stelle den nyfødde.

Artikkelen held fram under biletet

VELKOMST: Det gjekk ikkje lang tid for to nye lam er komen til verda. 
VELKOMST: Det gjekk ikkje lang tid for to nye lam er komen til verda. 

Det nyfødde lammet ligg framleis heilt stille på golvet. Det er nærmast som me held pusten medan me intenst stirar for å sjå om det er liv i den vesle skrotten. Så tek beina til å bevege seg. Lammet gispar etter luft som går over lys og sår mekring til mor. Ho som svarar med djupe trygge brek medan ho steller den nyfødde. Det er liv. Ikkje lenge etter kjem lammet seg på beina og søker spenane til mor.

– Er det like stor spenning kvar gong?

– Ja, eg kjenner det dirrar i meg. Det er ei god kjensle når ein ser at det er liv. Det er jo ikkje alltid det går bra, seier Harald.

Artikkelen held fram under biletet

TØFF PROSESS: Det er hardt å bli fødd. Lammet mekrer og søya breker attende. Det er ingen tvil om at dei kommuniserer. Det er viktig at søya får stå i fred frå andre søyer når ho skal lamme. Elles er det ikkje sikkert ho aksepterar lamma som sine.

Adopterer bort lam

Då ei søye berre har to spenar er det vanleg å adoptere bort lam. Ei søye kan få mellom eitt til fem lam under lammingstida.  

– Eg prøver å få det til slik at alle søyer har to lam. Det er for å gi lamma ein best mogleg start på livet. Likevel har eg ingen garanti for at det ikkje kjem lam medan eg er inne ein tur for å få meg ein matbit. Synest søya lammet har "feil" lukt, må me også ty til adopsjon, men stort sett går det bra, fortel Anders.

Artikkelen held fram under biletet

BEDAGELEG OG DREKTIG GJENG: Desse søyene ber på mellom eitt til fem lam kvar. Lamma deira kan bane veg kva tid som helst. 
BEDAGELEG OG DREKTIG GJENG: Desse søyene ber på mellom eitt til fem lam kvar. Lamma deira kan bane veg kva tid som helst. 

Det er ein heil prosedyre å lure ei søye til å adoptere eit lam. Anders forklarar  at han vaskar lammet godt og smørar det inn med fostervatnet frå adoptivsøya.

Kjenner ikkje søya at lammet luktar det same som seg sjølv, nektar ho lammet å suga mjølk. I verste fall kan ho stange lammet i hjel, om ho ikkje trur det er hennar eige. 

Artikkelen held fram under biletet

KOPPLAM: Anders Haugen i lag med eitt av kopplamma. Dei skal ikkje ut på fjellbeite, men skal vera på såkalla innmarksbeite gjennom sommaren. 
KOPPLAM: Anders Haugen i lag med eitt av kopplamma. Dei skal ikkje ut på fjellbeite, men skal vera på såkalla innmarksbeite gjennom sommaren. 

Dei lamma som er til overs då det ikkje er nok søyer til alle lamma, blir kva me kjenner som kopplam. Dei har sin eigen tilvenningsplass, før dei skal inn i eit eige rom med halm og varmelampe. 

Hektiske dagar for jordfedrene

I kring tre veker står lamminga på. Det er den mest hektiske perioden i året for ein sauebonde. Både Anders og Hallvard fortel om få timar med søvn; eit lam ventar ikkje før det banar veg ut av mor.

– Den viktigaste tida for bonden er frå lamminga og fram til dei klarar seg sjølve på beite. Det betyr arbeid natt og dag. Det er ei krevjande tid. Ein må vera tøff med seg sjølv, fortel brørne. 

Artikkelen held fram under biletet

FRISKE LAM BETYR ALT: Begynner lamminga bra, fortsett det stort sett slik, og omvendt. Fôr er viktig for å få friske lam, det gjeld også medan søya er drektig. Brørne Haugen nyttar seg av fjellbeite og fortel at det aller kjekkaste er å få sauane ut på graset. 

Søyene treng fødselshjelparar kvar dag under lamminga. Det meste tek bøndene seg av, berre ved store komplikasjonar blir veterinær kontakta. 

– Treng me veterinær, er det ei avgjerd me må ta raskt. Mistar me eit lam under lamminga er det sjølvsagt ikkje noko kjekt. Men så kjem det nokre fine lam og ein står å ser at dei syg på kvar si sida av søya, då er det likevel ein god dag, fortel dei. 

Artikkelen held fram under biletet

BRØR MED SAME YRKE: Anders og Hallvars Haugen står på dag og natt under lamminga. Det er den mest hektiske tida for ein sauebonde.
BRØR MED SAME YRKE: Anders og Hallvars Haugen står på dag og natt under lamminga. Det er den mest hektiske tida for ein sauebonde.

Ein livsstil

Anders erkjenner at han ikkje teller timar når han held på. Han ser heller ikkje på å vera bonde som ein jobb eller eit ork. Det er ein livsstil. Han overtok garden i 1982, men var med i fjøset for fullt frå han var kring 10 år.

Å få vera bonde ser eg som eit stort privilegium.

– Trivst du?

– Eg har aldri angra på valet, sjølv om det kan vera tøffe periodar. Å få vera bonde ser eg som eit stort privilegium. Eg får gå i fjellet om sommaren og eg kan legge opp dagane slik eg vil etter kva det er behov for. Det handlar om å vera glad i dyra og å ha andre verdiar enn materialistiske. Det er ikkje nødvendigvis den som arbeider hardast som er mest tilfreds med dette livet, fortel han. 

Artikkelen held fram under biletet

STORE NOK: Søyene med lamma sine treng nokre dagar før dei kan koma innatt i ein større flokk. Desse lamma er nokre dagar gamle. Det er eit tydeleg hierarki i flokken, der dei siste som kjem inn må tåle litt juling den første dagen. Ein nykommar skal rett og slett ikkje trø for nær. 

Hallvard og Anders fortel også at det har vore litt oppsving i økonomien dei siste åra. Det forklarar dei med eit auka politisk fokus på verdien av norsk landbruk, etterspurnaden etter lammekjøt er større og bruken av sauar til landskapspleie. 

No er det berre for lamma å eta og vente på å få koma ut. Nokre av dei vil nok forvinne i løpet av tida på fjellbeite. Det er berre slik livet er. 

Anders kjem til å sjå til dyra sine medan dei er i fjellet for å sjå at ikkje noko er gale, ei plikt han set pris på. Han tenkjer med gru på sist sommar, sjølv om han ikkje sjølv vart råka. Jervens herjingar beskriv han som den største dyretragedia på desse kantar av landet. Likevel er det ikkje eit alternativ å ta frå sauane fridomen i fjellet.

HAUGEN GARD: Sauar har mange namn. Beitepussar og landskapspleiarar er også brukt om dei små drøvtyggarane. Sauen nyttar seg av graset i fjellet og hjelper til å halde landskapet opent. Det er litt av grunnen for å drive med sauehald.

Til toppen