IKKJE NÅDIG: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp). (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

– Det er så distriktsfiendtleg som det kan få blitt

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete er ikkje nådig i kritikken av det føreslåtte statsbudsjettet.

Oslo: Sogn og Fjordane kjem svært dårleg ut av statsbudsjettet, meiner stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete.

– Eg meiner kutta som er lagt inn ganske systematisk kjem på område som treffer folk som bur i Distrikts-Norge, seier ho.

Samstundes varslar ho at ho vil støtte forslaget til Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK) om å sette ned eit lovutval for å sjå på konsekvensane av kraftskatteendringa.

– Ei slik endring kan du ikkje berre ta over bordet, for det vil så store utslag på sikt, seier Navarsete.

STORE KONSEKVENSAR: Årdal kommune er blant dei som vil tape mest på fråfallet i eigedomsskatten på verk og bruk, rundt 25 millionar i året.
STORE KONSEKVENSAR: Årdal kommune er blant dei som vil tape mest på fråfallet i eigedomsskatten på verk og bruk, rundt 25 millionar i året. Foto: Arkiv

– Vil råke veldig mange kommunar i fylket

Regjeringa har nemleg føreslått å fjerne eigedomsskatten på på maskiner og tilbehøyr, medan kategorien verk og bruk heilt blir fjerna. For kraftkommunane utgjer dette eit tap på 800 millionar kroner, som i staden vil hamne i statskassa. Årdal vil miste 25 millionar årleg i inntekter, medan Sogndal vil miste 5-6 millionar, ifølgje rådmennene i dei respektive kommunane. Ordninga vil bli fasa inn over fem år, med start i 2019.

– Då kan du sjølv tenke deg korleis det blir å gå i gang med budsjettprosessen om seks år. Det er mykje pengar i høvevis små kommunar og det er vanskeleg å sjå for seg korleis dei skal dekka inn det inntektstapet, seier Navarsete.

I tillegg har ho merka seg at regjeringa aukar grunnrenteskatten med 1,4 prosent til 35,7 prosent.

– Det vil kraftverkseigarane og staten tena på, medan kommunane er taparane. Så begge desse forslaga vil råka veldig mange kommunar i Sogn og Fjordane, først og fremst dei store kraftkommunane, seier Navarsete.

Kjøper ikkje argumentasjonen

Finansminister Siv Jensen meiner derimot at skatteomlegginga vil styrke konkurransekrafta til norske verksemder, fordi det vil bli meir lønsamt for bedriftene å investere.

– Å fjerne eigedomsskatten på maskiner og tilbehøyr vil gje store lettar for industrien og vil medverke til å tryggje arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp) i ei pressemelding.

Den argumentasjonen kjøper ikkje Navarsete, 

– Dette vil først og fremst hjelpe statskassa og det synst eg er uhøyrt. Det er mange andre måtar å styrka desse verksemdene på, utan at kommunane skal vere taparane oppe i det heile.

PLUSS OG MINUS: Høgreordførar Noralv Distad i Aurland.
PLUSS OG MINUS: Høgreordførar Noralv Distad i Aurland. Foto: Pressefoto

Høgreordføraren ser positive trekk

Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland understrekar at han berre har fått gått gjennom statsbudsjettet i grove trekk. Likevel ser han positive trekk, mellom anna satsinga på samferdsle.

– Statsbudsjettet legg opp til at dei viktige prosjekta som er sett i gang blir vidareført, som midlane fylkeskommunen får til tunnelsikring og planlegginga som er naudsynt for å betre stasjonen og linjenettet på Myrdalen, seier Distad.

– Det er òg positivt at budsjettet legg til rette for eit sterkt privat næringsliv, noko mellom anna reiselivet er avhengige av i vår kommune, seier Distad.

Men som kollegaane i Årdal og Sogndal er Distad uroa over kva som vil skje med fråfallet av kraftinntektene.

– Det blir utfordrande for å få budsjettet til å gå i hop, utan at vi veit kor mykje det blir, seier han.

Navarsete set si lit til Krf

Navarsete har òg merka seg at kommunane i fylket vil få ei lågare vekst i dei frie inntektene enn snittet i landet. Her i Sogn er det berre vekstkommunen Sogndal som kjem betre ut.

Tanken er at pengane i enno større grad skal følgje folketalsendringane, ein logikk Navarsete ikkje vil vere med på:

– Det er så distriktsfiendtleg som det kan få blitt. I Norge har me alltid hatt eit breitt fleirtal for å utjamne dei ekstra kostnadane som kjem når du skal gje tenester på plassar med store avstandar og der folk bur spreitt. Det er mykje billegare å gje dei same tenestene der det bur mange folk på eit lite areal, då kan du ha større skular, større sjukeheimar og samstundes ha korte avstandar.

Ho reagerer òg på halvveringa av løyvingande til breibandutbygging, ser i motsetning til Distad få lyspunkt i samferdslesatsinga, ho mislikar kutt i pendlarfrådraget og halvveringa av løyvingane til kysttiltak.

– Eg set mi lit til at Krf vil sjå med eit nøye blikk på distriktskonsekvensane av budsjettet og håpar at vi kan få til eit samarbeid med dei og at dei ikkje bitt seg til masta med regjeringa. Viss dei gjer det, så kan dette bli trasig for Sogn og Fjordane, seier Navarsete.

Til toppen