FIRE NYE ÅR: Senterpartiet gjer det godt på målingane, og alt ligg til rette for at Liv Signe Navarsete skal få fire nye år på Stortinget.

FIRE NYE ÅR: Senterpartiet gjer det godt på målingane, og alt ligg til rette for at Liv Signe Navarsete skal få fire nye år på Stortinget. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Stortingsvalet 2017

Liv Signe er klar for fire nye år: – Dette motiverer meg

Det må eit valsjokk til for at Liv Signe Navarsete (Sp) ikkje får fire nye år på Stortinget.

Lærdal: Senterpartiet susar fram på målingane fleire stader i landet. I Sogn og Fjordane er partiet størst på dei siste målingane som er gjort, så det skal litt til for at Liv Signe Navarsete ikkje får fire nye år på Tinget – 16 år etter at ho gjekk inn i kommunestyret i 1991.

– Det er det same som motiverer meg no som den gongen. Det er dei politiske sakene. Den gongen kjempa eg for deling av skuleplassen. No kjempar eg for å oppretthalde eit godt tenestetilbod nær folk, seier ho. 

MOTIVERT: Navarsete seier ho er motivert for fire nye år på stortingsbenken.
MOTIVERT: Navarsete seier ho er motivert for fire nye år på stortingsbenken. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Senterpartiet har kanskje vore den tydelegaste røysta mot sentraliseringa som dei hevdar den blåblå regjeringa har drive med. Politireform, kommunereform og regionreform er berre nokre døme på saker der Senterpartiet har vore i tydeleg opposisjon.

– Eg er mot sentraliseringa til regjeringa. Dei har sentralisert veldig mykje. Årdal og Aurland var på nippet til å mista lensmannskontoret. På kysten er Florø blitt årelatne med mange arbeidsplassar. Dette er ei regjering som ikkje bryr seg om Sogn og Fjordane. Me er for små, og då treng ein tydelege røystar frå fylket.

Meiningsfullt

Ei av dei blir etter alt å døma ho sjølv. At den tidlegare samferdsleministeren og kommunal- og regionalministeren let seg høyra, er det ingen tvil om. Navarsete er den stortingspolitikaren frå fylket som er mest aktiv av dei fire og stiller jamnleg spørsmål til ministerane. Ei røyst for distriktet, er det ho ønskjer å vera.

PÅ TURNÉ: Under årets valkamp kan Navarsete bruke langt meir tid i eige fylke. Her frå valkampen i 2015, der ho hjelpte Aleksander Øren Heen i Årdal.
PÅ TURNÉ: Under årets valkamp kan Navarsete bruke langt meir tid i eige fylke. Her frå valkampen i 2015, der ho hjelpte Aleksander Øren Heen i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Det er det som engasjerer og held meg i politikken. Eg tykkjer det er meiningsfullt. Eg gjekk aldri inn for å bli statsråd eller leiar eller noko som helst. Eg har alltid trivdes, anten det er i kommunestyret, fylkestinget eller Stortinget.

Det hjelper sjølvsagt også at eit samstemt Sogn og Fjordane Sp ville at ho skulle halde fram førstekandidat. Med dei målingane partiet har hatt i det siste, kan det fort vere at andremann på lista, Steinar Ness, slår følgje.

– Eg trur det har byrja å gå opp for folk kva regjeringa held på med, der dei vil leggja ned Sogn og Fjordane og slå oss saman med Hordaland og Bergen, der me blir ein liten utkant. Dei vil ta frå oss viktige arbeidsplassar, ikkje minst på Leikanger. Dei arbeidsplassane me har her, er viktig for regionen vår, anten det er industri i Årdal, landbruk eller offentlege arbeidsplassar. 

På tur i fjordfylket

«Eit tydeleg opposisjonsparti mot regjeringspolitikken», er forklaringa hennar på kvifor partiet hennar gjer det så godt. 

For hennar del, handlar det no om å formidla den bodskapen til flest mogleg. Då får ein det travelt, men det kunne ha vore verre.

NOTERER: Navarsete har alltid med seg den grøne notatboka si, der ho noterer ned innspela folk kjem med og tar med seg vidare.
NOTERER: Navarsete har alltid med seg den grøne notatboka si, der ho noterer ned innspela folk kjem med og tar med seg vidare. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– I år er det moro fordi eg kan vera meir i fylket. Dei siste valkampane har eg reist mykje rundt som partileiar, men no slepp eg det i like stor grad. Det er kjekt å reisa rundt i fylket. Det er mykje positivt som skjer, ein lærer mykje, viktige ting som eg noterer i «grøneboka», som ho kallar den grønne notisboka si.

Notatboka

Her noterer ho ned det folk seier til ho når ho reiser rundt. Seinast i førre veka var boka på plass då ho møtte representantar frå næringslivet i Aurland, der turistskatt og lokale verdiar var tema.

– Når finn du fram boka og tar tak i desse notata?

– Det gjer eg eigentleg heile tida. Blir det regjeringsforhandlingar, blir det ekstremt viktig å ha med seg dette fordi det då kan vere saker ein kan smette inn. Då er det viktig å vite om dei, blunkar ho.

Til toppen