SKUFFA: Liv Signe Navarsete hadde håpa at regjeringa ville gjera noko med nettleiga i statsbudsjettet. Det skjedde ikkje.
SKUFFA: Liv Signe Navarsete hadde håpa at regjeringa ville gjera noko med nettleiga i statsbudsjettet. Det skjedde ikkje. (Bilde: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Liv Signe Navarsete rasar mot uendra nettleige i statsbudsjettet

Stortinget ba i vår regjeringa om å greia ut ulike modellar for utjamning av nettleiga. Svaret kom i statsbudsjettet, og provoserer Sp-dronninga.

Lærdal/Oslo: Liv Signe Navarsete (Sp) er skuffa over at regjeringa i statsbudsjettet ikkje føreslår å utjamna nettleiga, slik Stortinget har bedt om.

I Sogn og Fjordane ligg nettleigeprisane nesten førti prosent over snittet i resten av landet.

– Det blir oppleved som urimeleg når me bur rett ved der krafta blir produsert, seier Navarsete.

Fattig trøyst

Den relativt høge nettleiga kjem av at me har mykje kraft og treng mykje infrastruktur til å frakta all straumen ut av fylket.

Samstundes er det få abonnentar å dela utgiftene på.

At regjeringa kuttar ein femtedelen av el-avgifta tykkjer ho er ei fattig trøyst.

– For oss i Sogn og Fjordane betyr det lite samanlikna med kostnadene til nettleige, som er altfor høg både for næringslivet og vanlege folk, seier Navarsete.

Vender utjamning tommelen ned

I vår ba eit fleirtal i Stortinget regjeringa om å greia ut ulike modeller for utjamning av nettariffane i Norge. 

Regjeringa har no konkludert med at det ikkje er ønskjeleg. I statsbudsjettet støttar olje- og energiministeren til utgreiingar gjort av NVE i 2010, rett nok oppdatert i 2018, for å forklara kvifor.

– NVE konkluderer med at ein modell med heil eller delvis tariffutjamning vil svekka insentiva nettselskapa har til å redusera kostnader, skriv Kjell-Børge Freiberg (Frp).

Til toppen