KREV MEIR: Liv Signe Navarsete meiner forsvaret må satsast meir på, om forsvarsevna skal vera tilfredstillande. Biletet er frå ei HV-øving for lagførarar på Åndalsnes i 2018.
KREV MEIR: Liv Signe Navarsete meiner forsvaret må satsast meir på, om forsvarsevna skal vera tilfredstillande. Biletet er frå ei HV-øving for lagførarar på Åndalsnes i 2018. (Foto: Julie Hjermstad/Forsvaret)

MEININGAR

Liv Signe Navarsete: – Regjeringa sin plan for forsvaret står til stryk

Talskvinna for Sp er ikkje nådig i omtalen av regjeringa si satsing på forsvaret.

Meiningar: 8. mai feirar Norge 75-årsjubileum for fridomen etter 2. verdskrig. Det bør minna oss på at trugsmål me ser på som utenkjelege ein dag brått kan vere røyndom den neste. Slik var det i 1940. Me vonar det aldri vil skje igjen.

Men som ei forsikring i kriser som kan oppstå har Norge eit forsvar, dyktige kvinner og menn som er klare til å stille opp for fridomen når det trengs. Det er vår oppgåve som folkevalde å setje dei i stand til å gjere den jobben på best tenkjeleg måte.

Etter å ha lese framlegg til langtidsplan for Forsvaret kan ein spørje seg om regjeringa trur på si eiga problembeskriving.

Dersom planen frå regjeringa blir vedteken utan kraftige forbetringar frå Stortinget, har Forsvaret vårt dei komande åra «under begrensa evne» til å forsvare heile landet. Det er alvorleg. 

Karakteren står til stryk

Regjeringa skriv følgjande: «Norge står i dag og i åra framover overfor ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Ikkje sidan slutten av den kalde krigen har Norge og våre allierte stått overfor eit slikt omfang av samtidige sikkerheitsutfordringar – mot staten, samfunnet og individet».

Sett i lys av dette står regjeringa sitt svar på korleis me skal sikre tryggleik i Norge til karakteren stryk. Svaret er ein plan som flatt vidarefører den inneverande langtidsplanen utan vidare kapasitetsauke for Forsvaret dei neste fire åra.

At ein prøver å skjule dette gjennom å legge fram ein operativ plan for åtte år, der all vekst kjem etter 2024 gjer ikkje saka betre. Går ein inn og justerer for auka valutakostnader i høve store investeringar frå utlandet, til dømes nye F-35 jagarfly og nye overvakingsfly vil ein sjå at auka i budsjettet vil knapt dekke ei flat framskriving av dagens langtidsplan.

Treng styrking

Personellmangel er gjennomgåande i alle forsvarsgreiner i dag. Tillitsvalde fortel at arbeidsbyrda på soldatar og personell er svært høg. I langtidsplanen legg regjeringa opp til å auke talet på tilsette med 500 den første fireårsperioden. Det er langt frå tilstrekkeleg. Etter 2024 foreslår regjeringa å auke med ytterligare 2000 personell. Kvifor kjem ikkje auka før?  

KLART TALE: Liv Signe Navarsete (Sp). Foto: Therese Espeland

Det er tydelig at regjeringa vegrar seg for å ta på seg det økonomiske ansvaret for nye kapasitetsauke på si vakt. Stridsvogner skal skaffast frå 2025, langtrekkande presisjonsvåpen til Hæren tidligast 2026. Vidare blir det i regjeringa sin plan lagt opp til at Norge som einaste land med moderne hær, ikkje skal ha dedikert helikopterkapasitet.

Sjøforsvaret treng ei styrking og ein skulle kunne forvente at regjeringa i denne langtidsplanen hadde lagt fram ein investeringsplan, der ein kunne ta stilling til kva fartøystruktur ein skal ha. Men som på alle andre område, dette skal skyvast på til 2024.

Avgrensa forsvarsevne  

Langtrekkande luftvern som Forsvarssjefen har vore svært opptatt av, blir ikkje prioritert av regjeringa. Dette betyr at Forsvaret på kort og mellomlang sikt, vil ha mangelfullt vern mot trugsmål  frå langtrekkande presisjonseld. Regjeringa skriv at på lengre sikt planlegg ein å innføre langtrekkande luftvern. Om det blir i 2030 eller 2060 er heilt uvisst.

Forsvarssjefen skriv følgjande i sin kommentar til Langtidsplanen: «Planen skyv sentrale fornyingar av militære kapasitetar og oppbemanninga av Forsvaret ut i tid. Dette gir auka risiko for vår operative evne dei næraste åra». Han kunne ikkje sagt det klårare.

Dersom planen frå regjeringa blir vedteken utan kraftige forbetringar frå Stortinget, har Forsvaret vårt dei komande åra «under begrensa evne» til å forsvare heile landet. Det er alvorleg. 

Til toppen