PÅ CATWALKEN: Den tidlegare samferdsleministeren overraska alle på «damenes kveld». Foto: Øyvind Nondal.
PÅ CATWALKEN: Den tidlegare samferdsleministeren overraska alle på «damenes kveld». Foto: Øyvind Nondal.

Liv Signe Navarsete stal showet på catwalken

Fredag kveld var det fullt hus hjå Toyota Sogn på Kaupanger.

Sogndal: Den tidlegare samferdsleministeren overraska alle som mannekeng på «damenes kveld» som vart arrangert i lokala til Toyota Sogn.

Tor Arne Ness som er dagleg leiar seier til Porten.no at det er fjerde året dei arrangerer «damenes kveld». Han legg til at arrangementet har vorte ein suksess.

FOLKSAMT: 220 billettar vart rivne vekk på kort tid.
FOLKSAMT: 220 billettar vart rivne vekk på kort tid.

– 220 billettar vart lagt ut for sal klokka elleve og alle vart rivne vekk i løpet av tjue minutt, legg han til.

Ness seier arrangementet er lagt tett til kvinnedagen som er 8. mars. På arrangementet «damenes kveld» er det moteshow med klede frå butikkar i regionen, og at kvelden skal vere ein kosekveld for damene.

Konsert med Sigird Terese Moldestad

Publikum fekk god underhaldning frå folkemusikaren Sigrid Terese Moldestad, som er kjend for sin vestnorske folkemusikktradisjon.

Moldestad vann Spelemannprisen 2007 i klassen folkemusikk/gammaldans, for plata Taus, som var basert på musikken til felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

Til toppen