Lærdal: – Det er kjekt å diskutera lokalpolitikk også, ikkje berre utanrikspolitikk, seier Liv Signe Navarsete til Sogn Avis.
Fram til no har ho vore medlem i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.
Navarsete stilte på 16. plass på Senterpartiet i Lærdal si liste og fekk 95 personstemmer og 24 slengjarar. Det sikra ho plass i kommunestyret i Lærdal i komande periode.
Les òg: Navarsete stiller til val i Lærdal
Vil utvikla Lærdal
Navarsete fortel Sogn Avis at ho er oppteken av næringsutvikling og korleis utvikla Lærdal vidare.
– Lærdal har mange gode tenester og det er viktig å samarbeida med næringslivet og andre aktørar i Sogn, seier ho.
Senterpartiet i Lærdal gjekk tilbake heile - 18 prosent og fekk ei oppslutning på 28,4 prosent. Dermed må sitjande ordførar Jan Geir Solheim og Senterpartiet levera ordførarklubba til Arbeidarpartiet og deira førstekandidat Audun Mo.
Leg òg: Her er dei nye ordførarane, og slik er mandata fordelt