Sogn: Ordføraren frå Lærdal skaut seg til fleire 10-arar i konkurransen med ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger, og gjekk dermed sigrande ut av duellen.
Les også: Kven skyt til seg kommunesenteret?

Lerumcup er eit ledd i eit program som Samlagsstyret mot Landsskyttarstemna i Førde neste år. Der er målet å få til ei stor deltakarmobilisering frå fylket.
Lenge sidan sist
Liv Signe Navarsete, medlem av stortingets forsvarskomite stillte sporty opp i skyteduellen.
– Eg har ikkje skote sidan eg skaut med luftgevær som jentunge, sa Navarsete.
Saka held fram under bilete.

Leiaren i Tønjum skyttarlag i Lærdal, Jarle Offerdal, tilbydde Liv Signe gode treningsforhold i det nye skytehuset til vinteren.
Deltakingsrekord

Under presentasjonen av Lerumcup på Leikanger vart det synt fram ein graf som viste utviklinga av talet på deltakarar frå starten i 2007 og fram til i år.
Den gong deltok opp i mot 200 personar, medan det i år var påmeldt over 800 deltakarar.
Les også: 780 skyttarar har meldt sin ankomst
– Dugnadsinnsatsen for dei fem laga er enorm og er rekna til eit lite årsverk, sa Olav Skarsbø frå Leikanger skyttarlag under opninga.

Vidare haldt Jarle Tvinnerheim, generalsekretær i DFS, eit innlegg om samfunnsoppdraget til Det frivillige skyttarvesen, der våpenopplæring, sosiale areaer er viktig del av organisasjonen sitt arbeid.
