VESTLAND FYLKE: Fellesnemnda møtast fredag for å diskutera samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, som skapar nye Vestland fylkeskommune.
VESTLAND FYLKE: Fellesnemnda møtast fredag for å diskutera samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, som skapar nye Vestland fylkeskommune. (Foto: Arkiv)

LIVE: Fellesnemnda diskuterer storfylket Vestland fylkeskommune

Følg med direkte frå møtet i Bergen frå 09:30.

Indre Sogn: Fellesnemnda møtast fredag føremiddag for å diskutera samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar, til storfylket Vestland fylkeskommune. 

Her kan du følgje møtet live, frå klokka 09.30. 

Bakgrunn

NYE STORFYLKER

VESTLAND = Sogn og Fjordane + Hordaland

AGDER = Vest-Agder + Aust-Agder

VIKEN= Buskerud + Akershus + Østfold

VESTFOLD OG TELEMARK = Telemark + Vestfold

INNLANDET = Oppland + Hedmark

TROMS OG FINNMARK = Troms + Finnmark

I 2017 vart ei regionsreform vedteke av Stortinget. Frå og med 2020 skal Noreg ha 11

fylke i staden for 19. Nokre fylkeskommunar vert slått saman til storkommunar.

I juni i år, vart det vedteke at Sogn og Fjordane skal heite Vestland fylkeskommune.

Oppgåva til fylkeskommunen skal bestå, som før, av vidaregåande skular, regional utvikling og planlegging, kultur, samferdsel, tannhelseteneste og folkehelsearbeid. 

I tillegg skal fylkeskommunen få nye opppgåver som er føreslått av eit ekspertutval. Desse er ikkje bestemte endå, men skal opp i Stortinget i løpet av hausten 2018. 

På sine nettstader opplyser Vestland fylkeskommune at dei nye oppgåvene kan bestå av til dømes næring, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsel, klima og miljø.

Til toppen