SANATORIET: Kristian Nilssen har brukt mykje tid og krefter på det enorme bygget i fjellsida. Foto: Jørgen Nordby.
SANATORIET: Kristian Nilssen har brukt mykje tid og krefter på det enorme bygget i fjellsida. Foto: Jørgen Nordby. (Foto: Jørgen Nordby)

Han ville bli redningsmannen til Harastølen – flyttar ut etter seks år

Trønderen blei så fasinert av det falleferdige sanatoriet høgt oppi fjellsida i Luster at han selde alt han eigde og flytta dit. Seks år seinare har han pakka saman og reist heim. 

Luster: – No ligg skjebna til Harastølen i hendene på dei nye eigarane. Viss ikkje dei lukkast er ikkje eg der for å redda bygget. Då blir det rive, seier han.

I fjor haust kom nokre investorar på bana med gode tankar og planar for Harastølen. Denne gongen ser det ut til å vera seriøst.

– Det har vore mange interesserte i løpet av dei åra eg har budd der oppe. Alt frå privatpersonar til store grupper, men ingen har lukkast, seier han.

No vil ei investorgruppe med Terje Svindland i spissen pussa opp Harastølen og gjera det om til hotell.

– Eg har trua på akkurat desse. Når eg kom til Harastølen såg eg føre meg ein kulturarena med mange aktivitetar. Desse investorane ser mykje av det same. Dei ser ikkje berre eit hotell men òg ein stad for dei som bur i fylket. Det er det eg har ynskja for Harastølen heile vegen og eg trur det kan bli ein stad for alle om dette blir noko av, seier Nilssen. 

Vanskeleg tid

Nilssen innrømmer at livet på Harastølen ikkje berre har vore lett.

– Eg reiste dit og trudde det skulle bli noko stort, men i staden måtte eg innfinna meg med dei faktiske forholda på staden. Det var lekkasje i bygget og det var meir motgang enn medgang. Eg blei sett på som ein idiot og folk har prata drit om meg. Men eg har lært å tilpassa meg og angrar ikkje. Ikkje minst har eg fått vener for livet. Utan kjøpmannen Øystein Høyheim nede i bygda hadde ikkje mykje gått. Han hjelpte meg med både peng og mat. 

Budde med vener

Nilssen budde på Harastølen saman med tre vener som kom og gjekk. Den som blei der lengst saman med han var Hågen Ude.

– Me har gjort mykje fysisk arbeid med Harastølen. Blant anna har eg og Hågen rydda mykje, tetta over 60 vindauge og rydda skog så ein atter ein gong kan sjå fjorden frå framsida. 

PÅ TAKET: Hågen Ude og Kristian Nilssen har brukt mange år av livet sitt på å vedlikehalde Harastølen. Fotograf: Jørgen Nordby

Dei to kompisane fekk ikkje betalt for arbeidet dei gjorde, men dei treivst likevel. Saman skapa dei ein blest rundt Harastølen som spreidde seg over heile landet.

– Me byrja å tilby guida omvisingar inni bygget. Det har kome folk frå alle stader i Noreg, og folk sender fortsatt melding til meg og spør om dei kan koma å sjå. 

Positiv ordførar

Det har også vore workshop, fotografering, filminnspeling og spøkelsesjakt i bygget. Ein som er positiv til det Nilssen har bidrege med på Harastølen er ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

– Fyrst og fremst har Kristian bidrege til at hærverket som var på eigedomen har stoppa. Han har også gjeve fyrstehjelp til bygningane, og på sin eigen måte har han marknadsført Harastølen og skapt positiv blest rundt staden.

Ordføraren håpar no at hotellplanane går i orden.

– Merksemda han har skapt gjer at me no kanskje greier å berga det. Eg håpar det blir redda, men me er ikkje i mål endå, seier han. 

Ein draum som er over

Då planane om hotell blei kjende forstod Nilssen at hans tid på Harastølen nærma seg slutten.

STORT: Kristian har budd i fleire av bygga og inne på sjølve sanatoriet. Foto: Jørgen Nordby

– Det heile gjekk fort. Etter møtet mellom kommunen og investorane tok det ikkje lang tid før Tinfoss tok straumen og då kunne eg ikkje bu der lenger.

No skal han bruka 2018 på å fotografera. Åra på Harastølen ville han ikkje vore utan.

– Livet på Harastølen var ei «ein gong i livet-oppleving» som eg fekk. Det var ikkje eit val, det var ein draum, seier han.  

Til toppen