Livet som krigsfange i Årdal

Livet som krigsfange i Årdal

«Dei dryge to åra Deluga var her i Årdal, var dei tøffaste i livet hans.»

  • Endret

Porten.no har fått lov av Sogelaget til å gjengi nokre tekstar som stod på trykk i dei første utgjevingane deira. Denne teksten er ei forteljing om krigsfangen Edward Deluga sine opplevingar i Årdal. Teksten stod på trykk i Årdal Før og No, nummer 4 og er forfatta av Gro Jevnaker.

Edward Deluga sine opplevingar som krigsfange i Årdal

Ein junidag i år dukka det brått og uventa opp ein eldre mann i porten på Metallverket. Han sa han ville på omvisning og sjå aluminiumsproduksjonen. Han hadde ikkje meldt frå på førehand og var eigentleg for seint ute til omvisning, men portvakta skjønte at det var noko særskilt med denne karen. Ho kunne berre ikkje avslå ønsket hans, for han hadde arbeidd her tidlegare. Han var polsk og hadde arbeidd i Årdal frå 1943 til 1945 – som krigsfange for tyskarane. 

Edward Deluga var berre 13 år då krigen kom til Polen. Han vaks opp i Aust-Polen, og i 1939 kom russarane inn i landet hans. Frå 1939 til 1941 gjekk Deluga i russisk skule til han i 1942 vart teken til fange av tyskarane. Dei gjekk har fram medan dei samla russiske og polske krigsfangar, og far til Deluga og fleire andre vart skotne. 

Edward Deluga var no blitt 16 år gamal, og både han og broren vart tekne til fange. Saman med russiske fangar vart dei sende til Stettin i Tyskland. Her vart dei verande til 3. mars 1943. Då hadde det kome beskjed om at det var eit stort behov for arbeidskraft (krigsfangar) til dei ulike prosjekta tyskarane hadde sett i gong med i Noreg. Eitt av desse prosjekta var aluminiumsverket i Øvre Årdal og oksidfabrikken på Årdalstangen. Her skulle dei produsera viktig aluminium til tysk krigsindustri.

Deluga og dei andre fangane kom til Noreg og Bergen med båt den 3. mars 1943, og mange av dei vart derifrå transportert vidare til Årdalstangen. No vart Deluga og broren skilde, for medan han vart send til Årdal, vart broren send lengre nord ein stad. 

Då dei kom til Årdalstangen, vart dei installerte i brakker i Saltviki. Desse brakkene fungerte som bustad for dei russiske fangane, og Deluga vart rekna som russar fordi han kom frå Aust-Polen, og vart teken samstundes med dei andre russarane. Denne brakkeleiren gjekk under namnet Ostarbeiderlager og var Deluga sin «heim» til krigen var over.

Artikkelen held fram under biletet.

Arbeid på vegen mellom Øvre og Tangen under krigen. 
Arbeid på vegen mellom Øvre og Tangen under krigen. 

I tillegg til russiske og polske krigsfangar, fanst det òg ein fransk fangekoloni i Årdal. Sjølv om begge grupper var fangar, var det for tyskarane eit skilje mellom desse. Franskmennene vart stort sett handsama betre enn russarane; dei fekk lettare arbeid, betre og meir mat og betre stell. I tillegg fekk dei franske fangane pengar hjå Raudekrossen. Russarane fekk aldri pengar fordi det ikkje eksisterte nokon organisert russisk Raudekross. Så, medan franskmennene, i tillegg til maten dei fekk servert i fangeleiren, kunne kjøpa kaniner og kyllingar og anna hjå bygdefolket, måtte Deluga og dei andre klara seg med kålsuppe, den vesle brødbeten og det veske margarinstykket dei hadde å leva på.

Deluga var i årdal frå mars 1943 til juni 1945. Det første året arbeidde han i Øvre Årdal, ein del av arbeidet på vegen mellom Tangen og Øvre. I denne perioden måtte dei gå i kolonne frå Tangen til tunnelarbeidet om morgonen, og heim att om kvelden. Utstyret dei skulle bruka, som jarn og liknande, som vart lossa av skip på Årdalstangen, vart frakta med bil.

Etter å ha arbeidd i Øvre ei tid, vart det meir arbeid for Deluga på Tangen. Arbeidet han utførte medan han var her var tunnelbygging, steinplukking, jarnlossing, fundamentbygging til elektrolysehallane, og så jobba han ei stund på bekledningslageret. Det tyngste arbeidet var dei oppgåvene han hadde i Øvre.

Dei russiske fangane vart ikkje handsame godt medan dei var her, men alle tyskarane var ikkje like ille. Soldatane var harde og brutale, men alle dei tyske ingeniørane var venlege. Desse var ikkje soldatar, men kom til Årdal for å gjera ein jobb. Det var mange tyske ingeniørar her, men dei Deluga hadde mest å gjera med var Jacobsen, som var leiar for bygning og Pilz. Begge desse var positive og venlege mot fangane. 

Men soldatane var ikkje alltid like nådige. Dei slo hardt ned på det meste og hadde ein eigen straffekoloni. Ein av soldatane var leiar for denne, og han var særleg brutal. Brotsverka ein risikerte å bli straffa for kunne vera noko så lite som å stela poteter når ein var svolten.

I laupet av desse åra var det fleire av fangane som rømde eller prøvde å rømma. Det var mange russiske offiserar blant fangane, og det var helst desse som rømde. Fleire gonger vart det sett i gong organisert rømming, og mange av desse offiserane lukkast å koma seg til Sverige. Men alle var ikkje like heldige. Mange av dei som prøvde å koma seg vekk vart henta inn att. Desse vart sjølvsagt straffa, og nokre av dei forsvann heilt. Ingen veit kvar dei vart av, kanskje vart dei skotne? Deluga meiner det var om lag 3000 russarar i russarleiren på Tangen under krigen.

Artikkelen held fram under biletet.

Russaren på Åsete er ei historie om ein russar som hadde rømd. På Åsete fekk vart han stelt godt med av dei som budde der, og han arbeidde hardt.
Russaren på Åsete er ei historie om ein russar som hadde rømd. På Åsete fekk vart han stelt godt med av dei som budde der, og han arbeidde hardt.

Dei dryge to åra Deluga var her i Årdal var dei tøffaste i livet hans. Han minnast svært få positive opplevingar; det einaste måtte i så fall vera då han lærte seg norsk hjå damene på kjøkkenet. Det vert sagt at dei russiske fangane kom godt overeins med bygdefolket i Årdal og lærte norsk hjå dei, men Deluga meinte det var strengt forbode for dei å forlate leiren utanom arbeidstida. Så får å lære norsk, måtte han oppsøka damene på kjøkkenet, og det var ikkje fritt for at desse hadde det moro med russarane under norskopplæringa. Dette språket har han ikkje gløymt, og etter nesten femti år kan han framleis gjera seg godt forstått på norsk.

Ein episode hugsar Deluga særs godt. Det var då ein tysk båt kom til Årdal og ankra opp. Etter ei tid kom engelske fly og bomba denne båten, med det resultat at dei øydelagde både båten og ein del av omgjevnadene rundt. Russarleiren låg så nær at denne vart truffen fleire gonger. Deluga gøymde seg under brakka, og to menn attmed han døydde medan den tredje mista ein fot. Deluga trur fire-fem russarar mista livet under denne bombinga. Etter desse dødsfalla vart det halde ein liten seremoni der dei omkomne vart gravlagde. Deluga seier det var ei fellesgrav på kyrkjegarden på Tangen.

Ein annan ting Deluga minnast er partisananesom gøymde seg i fjella. Han og dei andre kunne stundom sjå dei signalisera frå fjellet over første Vikadalstunnelen til fjellet mellom Tangen og Seimsdalen. Ein kveld då dei tydeleg kunne sjå lysblink mellom desse stadene, fekk tyskarane auge på signaliseringa frå Hæreidsida. Då vart det fart i dei, og Deluga minnast dei fór oppetter fjellet for å finna dei som stod for dette. Men dei fann ikkje noko. Deluga hugsar namnet på ein av desse partisanane – Johansen.

Når fangane vart sjuke, slapp dei som regel å gå til det vanlege arbeidet. Men dette betydde ikkje at dei ikkje kunne eller skulle arbeida. Nei, dei skulle arbeida i leiren. Dette arbeidet var av ymse slag, og mellom anna var Deluga med på å byggja trappa eller amfiscena som den etter kvart vart kalla.

Fjorten dagar før krigen var over pakka soldatane sakene sine saman og forsvann. Dei ana uråd og kom seg vekk i tide. Deluga og dei andre vart verande att og drog fyrst frå Årdal den 11. mai 1945 då norske soldatar kom og befridde dei. Etter dette reiste Deluga til Bergen, der han vart verande i tre månader, før han drog attende til heimlandet sitt.

Her måtte han søka dekning i Sør-Polen fordi dei polske soldatane frå nord, «russarane», vart sende til Sibir saman med dei ekte russiske soldatane. Det var nemleg ikkje akseptert å bli teken til fange dersom ein var russar – helst skulle ein døy i strid.

Då krigen endeleg var over, var Deluga enno berre ungdommen. Han valde å utdanna seg og vart seinare direktør for eit bomullspinneri i byen Zawiercie i Polen.

Til toppen