OPPLÆRING: Elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule lærer kjea å suga mjølkeerstatning via smokk frå eit digert spann. Foto: Ole Ramshus Sælthun
OPPLÆRING: Elevane ved Sogn Jord- og Hagebruksskule lærer kjea å suga mjølkeerstatning via smokk frå eit digert spann. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Livlege kje og sart mekring i geitefjøsen

Midt på svartaste vinteren kjear geitene på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dermed startar også mjølkesesongen som er grunnlaget for geitosten Aurland er så kjent for. 

Aurland: – Har du fått nok no, baby? spør Elisabeth Fagerland.

Ho er elev på vg. 2 på Sogn Jord- og Hagebruksskule og tek husdyr som fordjupingsfag. På fanget står eit kje som er nokre dagar gamalt og mekrar.

– Dette er bestegeita. Eller baby. Eller Trulsur. Kjært barn har mange namn. Ho er veldig glad i menneske. Kanskje ho blir noko stort, seier Fagerland.  

Nokre oppklaringar rundt uttrykk ettersom Porten.no sin gjennomsnittlege lesar kanskje ikkje omgår geiter så ofte. Kje tyder altså «geiteunge», «kjeing» er fødselsesongen, tilsvarande «lembing» eller «kalving». Og når geitene lagar lyd «mekrar» dei, som sauer «breker» eller kyr «rautar».

Artikkelen held fram under biletet

AKROBATISK1: Kjea er svært så leikne - her testar eit av dei skuldrene til Bodil Skadberg.
AKROBATISK1: Kjea er svært så leikne - her testar eit av dei skuldrene til Bodil Skadberg.

Gunstig med kjeing på vinteren

Denne dagen skal dei søte, små, akrobatiske krabatane bli avvende, altså skal dei læra seg å suga mjølkeerstatning via smokk frå eit digert spann.

– Eg har nettopp varma opp mjølka, seier fjøsmeistar ved skulen, Even Hov.

Fjøsmeistaren og elevane har fulle hyre med å få kjea til å forstå at her er det mat å få. At ein plastsmokk skal gi det same som spenene til mødrene er så klart ikkje heilt rett fram for eit vekegamalt kje.

– No må du suga, seier Hov og fører eit av kjea mot eine smokken på spannet.

Men vent. Kalenderen viser januar. Midt på svartaste vinteren. Fleire månader med kaldt vêr og lite mat som veks fram i naturen ventar. Det er jo difor ville dyr flest, og til dømes sauer, får avkoma sine på våren.

– Jau, det er naturleg å kjea på våren. Men for oss er det gunstig å at dei kjear no, i høve undervisinga. Det hadde vore trasig å hatt fjøsøvingar utan mjølking, og det passar godt no ettersom det skjer nok av andre ting på våren, forklarar Hov.

Det betyr ikkje at dei gjer det heilt annleis på jord- og hagebruksskulen enn andre geitebønder.

– Dei fleste andre i Aurland har også kjeing no - i januar og februar. Er kjeinga seinare, mot vårparten, må ein ta geitene tidlegare inn frå beitet, medan det framleis er godt med mat ute. Så dei fleste gjer det slik for å utnytta beitesesongen best mogleg. Så er det veldig greitt å ha høgproduksjonen av mjølk frå mai og utover sommaren. Di seinare kjeing, di lengre må ein driva med mjølking.

Artikkelen held fram under biletet

AKROBATISK2: Også ryggen til fjøsmeistar Even Hov må utforskast.
AKROBATISK2: Også ryggen til fjøsmeistar Even Hov må utforskast.

Geitost og chevre

Når kjeinga startar i januar er det mjølking av geitene fram til midten av september. Og høgproduksjonen finn altså stad på sommaren, då marknaden for geitost er på topp parallelt med turistsesongen.

Utan at det betyr at alle geitebønder i landet kjear no.

– Nokre kjear på våren og nokre på hausten. Og det er bra, for folk vil ha jamn leveranse av mjølk til ulike produkt gjennom året. Snøfrisk er til dømes ei ferskvare som blir forbrukt jamnt året gjennom, seier Hov. 

Les også: Skal laga sin eigen festmiddag til 100-årsjubileumet

Les også: Jari kan boltra seg på flunkande nytt kjøken

Mot slutten av september går geitene inn i ein avsiningsperiode, det vil seia at dei ikkje blir mjølka og ikkje produserer mjølk. Så startar dei oppatt mjølkeproduksjonen med kjeinga i januar.

– Dei må ha ein avsiningsperiode. Når mjølkinga startar oppatt er kvaliteten på sitt beste, så me får best prisar no. Di lengre ut i laktasjonen ein kjem di meir forringa blir kvaliteten, forklarar fjøsmeistaren.

– Mjølka geitene produserer no blir først og fremst geitost?

– Stort sett har det gått til gudbrandsdalsosten som blir produsert på Byrkjelo. Det har vore litt att og fram kvar mjølka skal no, men no er det snakk om at det skal geitemjølk herifrå til Haukeli, der dei produserer ein Chevre. 

I tillegg ystar og sel dei ein del geitost gjennom gardsbutikken på skulen.

– Og frå midt av juni bufører me i Flåmsdalen og ystar stort sett alt sjølve, seier Hov.

Artikkelen held fram under biletet

FAVORITT: Geit og kje blir fort favorittane til elevane på Sogn Jord- og Hagebruksskule.
FAVORITT: Geit og kje blir fort favorittane til elevane på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Kjøtet som blir mest ete på verdsbasis - men knapt i det heile her til lands

Det var mjølka, den definitivt mest ettertrakta råvara frå geiter. Men kva med kjøtet? Husdyr flest genererer jo først og fremst kjøt som produkt. 

– Det er veldig rart, men kjekjøt har ikkje status, noko som eg trur heng att frå gamalt av. Hadde me greidd å snudd den trenden og fått kjekjøt inn på marknaden hadde det vore veldig bra. Ein del slakteri tek i mot kjekjøt, men så er det å få pris på det, seier Hov.

– Eg trur geit og kje er det kjøtet som blir ete mest på verdsbasis. Det er lyst, og burde vera eit godt alternativ til kyllingkjøt i Noreg, her som det ikkje er så mykje proteinrike vekstar som kyllingane treng til fôr, seier elev Fagerland.

Sogn Jord- og Hagebruksskule sender kje til Vikja slakteri i Vik, og det blir seld produkt av kje- og geitekjøt i gardsbutikken på skulen og andre stader lokalt.

LOKALT: Menyen  på Marianne Bakeri og Kafè består mellom anna av pizza og sandwich med både geitepølse og geitost.
LOKALT: Menyen  på Marianne Bakeri og Kafè består mellom anna av pizza og sandwich med både geitepølse og geitost.

– I februar vil me forsøka å selje noko av det reine kjekjøtet i gardsbutikken. Tidlegare har dette vore seld til Oslo. Men lokalbefolkninga har fått god opplæring ved Marianne Bakeri og Kafe. Der blir killingsuppe og kjeburger servert. Kanskje dei er klare for å prøve heime og no, seier informasjonsansvarleg ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, Spira Svendsen.

Skal bli bønder - kanskje geitebonde?

Kjea elevane i dag driv og avvenner skal bli dei nye livdyra ved skulen, altså blir det mange geitostar av mjølka frå desse i åra framover. Så det er viktig dei får godt stell

– I dag har me lagt inn halm, kosa med dei og reinska litt i baken på nokre av dei. Sist gong øyremerka me kjea, seier elev Bodil Skadberg.

– No trur eg dei er ganske mette, konkluderer fjøsmeistar Hov.

– Er geiter favorittdyra?

– Mitt i alle fall. Lett. Geiter har liksom lyst til å vera med deg når du kjem inn døra. Må vera perfekte terapidyr, seier Fagerland.

– Skal de bli bønder?

– Ja, grønsaksbonde er tanken, seier Skadberg

– Eg skal bli bonde, men først om nokre år, seier Fagerland

– Geitebonde?

– Det var ikkje planen, men no byrjar det kanskje å nærma seg likevel. Kva ein skal driva med kjem jo litt an på kvar ein buset seg - geitene må ha litt terreng å utfordra seg på. Så Vestlandet er jo perfekt.

Til toppen