JOURNALISTSPIRAR: Mange av elevane i femte, sjette og sjuande klasse ved Ljøsne skule tykkjer journalistikk verkar som eit spennande fagfelt. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
JOURNALISTSPIRAR: Mange av elevane i femte, sjette og sjuande klasse ved Ljøsne skule tykkjer journalistikk verkar som eit spennande fagfelt. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

LjøsnaLynet susar inn: Desse elevane lagar si eiga nettavis

Om interessa for å laga nettavis held seg i mellomsteget på Ljøsne skule, ligg det an til å bli mange journalistar herifrå ein del år fram i tid.

Lærdal: I to månader har elevane i femte, sjette og sjuande klasse laga innhald til nettavisa «LjøsnaLynet».

Her skriv dei alt frå historiske artiklar om korleis 2.verdskrig starta til skildringar av korleis dei ser føre seg feriar på Galapagosøyane og i Thailand, til meir fantasiprega småsaker, som den om det mystiske «Rumpesvinet».

– Tanken er at dei skal publisera tekstar dei uansett lagar i fag, som norsk og samfunnsfag. Så det blir publisering med litt ujamne mellomrom. Dei jobbar med det klassevis litt gjennom veka, så har dei halvannan time felles med nettavisa kvar måndag, forklarar lærar Annike Vanberg.

– Viktig med interessante tema og litt gøyale titlar

Porten.no var på vitjing i den unge redaksjonen måndag. Og det er tydeleg at journalistspirane har teft for både vinkling og tenkjer målgruppe, som først og fremst er andre på deira eigen alder.

– Viss ein tittel er litt gøy er kanskje sjansen større for at lesarar trykkar på saka. Eller viss det handlar om noko som interesserer mange, seier Ingrid Ljøsne.

Når elevane får spørsmål om kva ein artikkel er i høve ein reportasje, har Mathilde Tønjum svaret klart:

– Ein artikkel handlar om ei sak, gjerne noko som skjer.

Og det er jo heilt sant; medan ein artikkel er konsentrert og fokusert på ei einskild sak med ei tydeleg problemstilling, må journalisten vera til stades og skildra kva som skjer når det er snakk om ein reportasje - eit heilt handlingsforløp blir gjerne formidla med eit meir blømande språk.

Artikkelen held fram under biletet

LJØSNALYNET: Katrine Holmen (f.v.), Mathilde Tønjum og Anja Evensen Brugrand syner fram nettavisa dei jobbar med, «LjøsnaLynet».
LJØSNALYNET: Katrine Holmen (f.v.), Mathilde Tønjum og Anja Evensen Brugrand syner fram nettavisa dei jobbar med, «LjøsnaLynet».

«Lynet slår ned på Ljøsne skule»

Elevane kom også med framlegg til kva tittelen på ein artikkel om deira eiga nettavis kunne vera. Då vart det tydeleg at ein litt spenstig, vel dramatisk tittel - som «Lynet slår ned på Ljøsne skule» - fort kan føra til at lesaren anten blir sitjande som eit spørsmålsteikn, eller vi bli skuffa når ein kjem inn i sjølve saka ettersom tittelen kan tyda på at dette handlar om noko heilt anna.

På den andre sida blir gjerne titlar som enkelt forklarar kva dette handlar om - til dømes  «Elevane lagar si eiga skuleavis» - litt kjedeleg. Å finna ein tittel som både er spennande og gir greitt inntrykk av saka er altså nøkkjelen, vart elevane einige om.

Såleis kunne journalisten til stades og elevane konkludera med at ein kombinasjon av ein av dei meir spenstige tittelframlegga og ein av dei meir saksfokuserte kunne vera ei grei løysing - og slik vart tittelen på denne artikkelen til.

– Blir meir fokuserte på å skriva korrekt

På spørsmål om elevane har lyst til å bli journalistar rekte vel halvparten opp handa, så her ligg det an til mange journalistspirar dei komande åra.

Lærar Vanberg fortel arbeidet med «LjøsnaLynet», som hovudsakleg er ein del av norskfaget, fører til stort fokus på god rettskriving.

– Femteklasse har ikkje prøvd det så mykje enno, men sjette og sjuande tykkjer det er kjekkare å skriva når det blir publisert. Og det gjer at dei har litt meir fokus på korrekt rettskriving og oppbygging av setningar.

Til toppen