HALDE FRAM I LMS: Erling Offerdal (Sp) og resten av formannskapet sa ja til å halde fram i samarbeidet om det lokalmedisinske senteret ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
HALDE FRAM I LMS: Erling Offerdal (Sp) og resten av formannskapet sa ja til å halde fram i samarbeidet om det lokalmedisinske senteret ved Lærdal sjukehus. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

LMS: – Har ikkje mykje anna val enn å halde fram

Erling Offerdal (Sp) og resten av formannskapet sa tysdag ja til at Årdal skal halde fram samarbeidet om Sogn lokalmedisinsk senter. 

Årdal: – Senterpartiet er av den formeining at ein må halde fram, me har ikkje så mykje anna val per i dag, men me skulle gjerne ha vore fleire kommunar. Det vart dyrare enn føresett, sa Offerdal.

Eit samrøystes formannskap sa ja til framhald, men det er opp til kommunestyret å ta endeleg beslutning i saka seinare i desember. 

Det lokalmedisinske senteret (LMS) har vore under lupen det siste året etter at Årdal sa opp avtalen i desember i fjor. Kommunen har ønskt å redusere kostnadene, men det har vist seg enklare sagt enn gjort.

I oktober fekk kommunen i staden beskjed om at kostnaden for LMS vert 1,3 millionar dyrare i 2016, noko som påverkar både rekneskapen for i år og neste års budsjett. Måndag kritiserte rådmann i Årdal, Olve Fossedal, økonomistyringa ved det lokalmedisinske senteret. 

GODT TILBOD: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) talte varmt om tilbodet ved LMS.
GODT TILBOD: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) talte varmt om tilbodet ved LMS.

– Godt fungerande tilbod

Men trass dårlege erfaringar i 2016, er tilrådinga at ein skal halde fram. 

– Ap tenkjer at dette er eit godt fungerande tilbod for innbyggjarar og at det er særs god kvalitet på tenesta. Det er det viktige i denne saka her, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

– Det er heilt naudsynt at me støttar opp om senteret med tanke på det som går på kvalitet, kompetanse, tryggleik for pasientane og ikkje minst rekruttering.

Ikkje bruk for kreftkoordinator

Men éin ting som ikkje ser ut til å bli vidareført er kreftkoordinatoren. Dette er ei stilling som delvis er finansiert av Kreftforeninga, men som gradvis skal gå over til full kommunal finansiering innan 2020. 

Sidan Årdal har denne kompetansen hjå eigne sjukepleiarar, er det tilrådd at ein seier opp denne delen av avtalen. 

– Tilbodet har vore lite i bruk fordi me har eigne sjukepleiarar med denne kompetansen, fortalte Fossedal. 

Kan løyse ROP-utfordringa

Det var også knytt spørsmål til dei kommunale akutte døgnplassane (KAD). Frå januar er kommunane pliktige til å gi akutte tilbod for rus og psykiatri-pasientar, noko som kan løysast med LMS.

– Utgangspunktet er det som kjem som innspel frå leiinga i LMS om at me kan nytte KAD-sengene til dette utan at ein pådreg seg ytterlegare kostnader sidan utnyttingsgraden er såpass låg, svarte Fossedal.

Til toppen