LO: Anne Kristin Førde og Nils Støyva.
LO: Anne Kristin Førde og Nils Støyva. (Foto: Privat )

MEININGAR

LO: – Bruk stemmeretten din!

Leiar i LO sitt likestillingsutval, Anne Kristin Førde, og distriktssekretær Nils P Støyva, har skrive dette lesarinnlegget om valet 9. september.

Meining: Måndag 9. september må Du bruke stemmeretten din. 

Denne dagen blir Du høyrt og vil kunne vere med på å skape forandringar. Kvinnene er i dag lågt representerte i dei folkevalde organa. 

Vi må difor bli flinkare til å«heie fram» eller krysse av kvinner, ungdom, pensjonistar eller personar med minoritetsbakgrunn. På denne måten får vi folkevalde organ som betre gjenspeglar lokalsamfunna våre. 

Ved valet i 2015 var kvinnerepresentasjonen i Aurland, Lærdal og Årdal alt for låg.

Forskjell mellom kjønna 

Noreg er eit av dei likestilte land i verda. Likevel er det enno store og systematiske forskjellar mellom kjønna som vi må kjempe for å rette opp. I Noreg tente kvinner i 2016 i  gjennomsnitt 13,9% mindre enn menn. 

LO sitt mål i arbeidet med likestilling er at kvinner og menn skal ha like rettar og moglegheiter til utdanning, arbeid, inntekt, påverknad og velferd. Heile stillingar og ei sjølvstendig inntekt til å leve av er avgjerande for reell likestilling.

I desse dagar er valkampen godt i gang. Frå 10. august kan du førehandsstemme. Kandidatane på vallistene skal gjenspegle innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke.

Det er viktig at dei politiske partia har like mange menn og kvinner på vallistene. Like eins må partia ta om omsyn til yrkesbakgrunn, etnisitet, alder og bustadadresse. Sjølv om dei fleste parti prøvere å ta omsyn til desse faktorane, blir valresultatet ofte annaleis.

– Menn dominerer i dei folkevalde organa

Det er framleis menn litt opp i åra som dominerer i dei folkevalde organa. All ære til desse mennene som står på for lokalsamfunna og demokratiet. Men det er viktig å få ei breiare samansetting av dei folkevalde organa. 

Valresultatet i 2015 på nasjonalt nivå enda opp med 39 prosent kvinner. Dette er den største kvinneandelen nokon gong. I Sogn og Fjordane er det om lag 35 % kvinner i kommunestyra. Kvinnerepresentasjonen i nokre kommunar var som følgjer i 2015: Årdal 33,3 %, Lærdal 35, 3 % og Aurland 23,5 %. Kvinnerepresentasjonen i alle desse kommunane vart diverre alt for låg. 

Ungdom mellom 20 og 30 år er anna gruppe som er underrepresenterte. Den gruppa har elles svært dårlegaste oppmøte på valdagen. Kvifor er det slik?

– Ungdomen må bli flinkare å stemma 

Ser ikkje ungdomen kvifor demokratiet og valet er viktig? Eller har vi det for godt i «gamlelandet» her oppe i nord. Det er viktig at ungdomen engasjerer seg i dei politiske partia og får representantar på vallistene. Ungdomen må bli flinkare til å gå til stemmeurnene på valdagen.

Når vi i september skal velgje kommunestyre- og fylkestinga, skal vi også velgje arbeidsgjevarane for dei tilsette i kommunane og fylkeskommunane. Det er vitig å få inn folkevalde som forstår avtaleverket i arbeidslivet og greier å forhalde seg til partane i arbeidslivet og fagorganisasjonane i kommunane og fylkeskommunane.

Tøffe og modige kvinner 

Det er mange flinke, modige og tøffe kvinner som har kompetanse og erfaring å ta med seg inni eit kommunestyre- og fylkesting. Det er svært viktig at vi gir kvinnene sjansen.

Skal vi få eit godt og demokratisk val, må fleire av oss bruke retten til å gje listekandidatar ei personstemmer. Vi må bli flinkare til å kumulere eller krysse kvinner, ungdom, pensjonistar eller personar med minoritetsbakgrunn.

På denne måten kan vi vi få folkevalde organ som gjenspeglar befolkninga. LO sitt likestillingsutval i Sogn og Fjordane meiner det er eit stort demokratisk problem at kvinnene er underrepresenterte i demokratiet vårt.

Til toppen