INGEN SKAM Å SNU: LO-leiar Gerd Kristiansen meiner endringane regjeringa legg opp til, vil svekka situasjonen særleg for kvinner og unge arbeidstakarar. Foto: Trond Isaksen.
INGEN SKAM Å SNU: LO-leiar Gerd Kristiansen meiner endringane regjeringa legg opp til, vil svekka situasjonen særleg for kvinner og unge arbeidstakarar. Foto: Trond Isaksen.

LO-leiaren: – Ingen skam å snu

LO-leiaren og tusenvis av streikande sa eit rungande nei til forslaget frå regjeringa til endringar i arbeidsmiljøloven da dei demonstrerte framfor Stortinget onsdag.

  • Endret

LO-leiar Gerd Kristiansen meiner endringane regjeringa legg opp til, vil svekka situasjonen særleg for kvinner og unge arbeidstakarar.

– Eg og mange andre veit kva det vil seia å jakte på vakter, ikkje å vita om ein kan betala husleiga neste månad. Altfor mange har følt det på kroppen. Kjære Storting, eit slikt arbeidsliv vil me ikkje ha, sa Kristiansen i sin appell til dei frammøtte.

Tusenvis av nordmenn blei berørt då tilsette i blant anna barnehagar, kollektivtransport og offentlege kontor blei lagt ned i ein to timar lang politisk streik. 

– Eg har ein draum

Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) fekk ei kjøleg mottaking då han presenterte sin draum for arbeidslivet til dei streikande. Han argumenterte for at regjeringas forslag vil vera til gode for arbeidstakarar.

– Godt arbeidsfolk. Eg har ein draum. Ein draum om at alle som står utanfor arbeidslivet skal få bli ein del av det seriøse arbeidslivet, opna han. Han haldt fram med å seia at auka adgang til mellombelse tilsetjingar vil gi folk utanfor eit springbrett, særleg for mange unge.

– Det er betre med ein fot innanfor arbeidslivet enn begge føttene utanfor, sa Eriksson.

Lovar å reversere

Oppslutnaden om den politiske streiken sender ein klar bodskap til regjeringa og Storinget, meiner Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre.

I sin appell til dei streikande, gjorde Støre det klar at endringane regjeringa legg opp til ved å gi adgang til eitt års mellombels tilsetjing, vil bli reversert så snart Arbeidarpartiet kjem i regjering att.

– Det mest mellombelse med denne lovendringa kjem til å vera lovendringa sjølv, sa Støre til stor applaus blant dei frammøtte.

Han tok eit oppgjer med regjeringas argument om at auka fleksibilitet i lovverket er naudsynt for å møta omstillingane i dagens arbeidsliv. Støre hevda at endringane vil gi auka utryggleik for familiar og eit dårlegare klima i arbeidslivet.

– Det er ikkje slik at me rustar oss for omstillingar. Me bør møta omstillingar med arbeidsmiljølova, ikkje mot ho, sa han.

Arrangement over heile landet

Det blei haldt over 200 arrangement rundt omkring i landet onsdag ettermiddag. 

LO-leiaren sa at fagrørsla er for fridom, tryggleik og anstendigheit i arbeidslivet.

Dersom regjeringa får det som ho vil, må norske arbeidstakarar blant anna innstille seg på oftare søndagsjobbing, meir overtid og fleire på mellombelse kontraktar.

– Har du ikkje fast jobb, så blir du økonomisk avhengig av velvilje hos sjefen. Våger du da å seie noko anna enn ja til overtid og søndagsjobbing, sjølv om det går utover situasjonen på heimebane? Våger du å seie frå om tryggingsbrot eller at arbeidspresset blir for stort? spurde Kristiansen og la til:

– Dette forslaget inneber all makt til sjefane og avmakt for kvar enkelt arbeidstakar. (©NTB)

Til toppen