BLID GJENG: 12 av 20 engasjerte folk i LO's sommarpatrulje som reiser rundt i fylket og pratar med unge arbeidstakarar.
BLID GJENG: 12 av 20 engasjerte folk i LO's sommarpatrulje som reiser rundt i fylket og pratar med unge arbeidstakarar. (Foto: Linda Watten)

LO's sommarpatrulje: – Å gjera det betre for arbeidstakarar er løn nok

Det seier Roger Andre Humlestøl, som saman med 19 andre frivillige i LO's sommarpatrulje patruljerar Sogn og Fjordane i desse dagar.

Sogndal: – Jobben vår er å sjekka arbeidsforholda til unge arbeidstakarar, sjå til at dei har det bra, at dei trivest på jobb, og at dei får det dei har rett på, seier Helene Hundeide som er med sommarpatruljen.

Til no har dei vore innom Årdal, Lærdal, Luster og Sogndal før dei reiser vidare til Sunnfjord. 

Vanskeleg å seia frå når ein er ung

– Det er mykje informasjonsarbeid og det er det viktigaste. Mange av oss har sjølv opplevd at det er vanskeleg å seia frå når ein er ung i arbeidslivet. Det er fort gjort å tru at det berre skal vera sånn, seier Torbjørn Vereide, arrangøren bak det heile.

Patruljen er glade for at det heldigvis ikkje er mange og store avvik i sommarjobbane til unge arbeidstakarar.

– Generelt opplever me at folk ikkje har fått arbeidskontrakten dei har rett på, dei får ikkje overtidsbetaling, og dei rekk ikkje ta pausen dei har krav på. Mange av desse feila er ting me kan rette opp i og ta tak i, seier Vereide. 

Arbeidsplassane er takksame for besøket

Sjølv om alt ikkje heile tida er på stell på arbeidsplassen er ofte sjefane takksame for at patruljen kjem innom og tek tak i ting. 

LO's SOMMARPATRULJE: Bjørn Tore Myklemyr, Torbjørn Vereide og Helene Hundeide. Foto: Linda Watten

– Mange av oss møter sjefar som er ærlege på at dei ikkje er sikre på alt, men som ynskjer oss velkomen og vil vite kva dei kan endre for å få ting på stell. Me tykkjer det er flott at folk er opne for at dei kan bli betre, seier Vereide. 

Bjørn Tore Myklemyr er òg nøgd med korleis dei blir tekne i mot på arbeidplassane.

– Alle plassar eg har vore på har eg blitt teken godt i mot. Folk er gjestfrie og spør gjerne om eg vil ha kaffi.

Frivillig arbeid som er verdt det

LO's sommarpatrulje reiser rundt i overkant av ei veke og vitjar arbeidsplassar. Arbeidet er gratis

– Dette er vår moglegheit til å reisa ut i bedriftene og gjera det betre. Mange har opplevd dårlege arbeidsforhold men me kan reisa rundt og høyra korleis dei har det, hjelpa dei, og gjera noko med det. Det er løn nok i seg sjølv, seier Roger Andre Humlestøl med eit smil.

Egil Natvik Vestrheim er einig. 

– I tillegg er det spanande å vera med i LO sin sommarpatrulje. Eg er med fordi det er god stemning og eg får treffa kameratar frå heile arbeiderbevegelsen. 

Alle har ulik bakgrunn

20 ungdomar frå alderen 17 til 30 år er med i patruljen, noko arrangør Vereide ser på som ein positiv ting. 

– Eg trur det er ein fordel at denne gjengen kjem frå veldig mange ulike bransjar. Dei er både bilmekanikar, jobbar med industri, er i sørvisbransjen, og studerar. Det er unge folk som veit kor skoen trykker sjølv, og når ein pratar med folk som er jevngamle er det enklare å seia frå for dei unge arbeidstakarane. 

Til toppen