PRESSE PÅ: Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel (H), meiner Flåmsvassdraget i Aurland burde vere kvalifisert til å bli vurdert for kraftutbyggjing som flaumdempande tiltak. 
PRESSE PÅ: Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel (H), meiner Flåmsvassdraget i Aurland burde vere kvalifisert til å bli vurdert for kraftutbyggjing som flaumdempande tiltak. 

Lødemel: – Eg skal vere med å presse på

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel (H), meiner Flåmsvassdraget i Aurland burde vere kvalifisert til å bli vurdert for kraftutbyggjing som flaumdempande tiltak. 

Aurland: Tidlegare har det kome blankt nei kvar gong det har vore søkt om utbyggjing av verna vassdrag, sjølv om det er som eit flaumdempande tiltak. 

I 2009 søkte Aurland kommune om midlar til å redusere flaumfaren i vassdraget. Søknaden vart avvist fordi prosjektet ikkje var samfunnsnyttig nok. Hausten 2014 vart bygda råka av storflaum som gjorde store øydeleggjingar. 

Men i energimeldinga som regjeringa la fram i vår, opnar ein no for vasskraftutbyggjing i verna vassdrag. I år er det 30 år sidan Flåmsvassdraget vart verna.

– Kan bli verre i framtida

– Prognosane syner at dette kan bli verre enn flaumen i 2014, så det å førebyggje for hundretals millionar kroner i motsetnad til kanskje å få dette inn i kraftproduksjon som skapar verdiar og fornybar energi, er ein viktig diskusjon, seier Bjørn Lødemel og får støtte frå partikollega Odd Henriksen, som sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. 

– Verna vassdrag er viktig, men ein har også att andre samfunnsoppgåver som er like viktig. Då opnar me no for konsesjonshandsaming i verna vassdrag viss det står liv og helse på spel, seier Henriksen og reknar med områda i Noreg med vern- og flaum-problem kjem til politikarane. 

Artikkelen held fram under biletet.

POSITIV: Medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Odd Henriksen (H), er positiv til kraftutbyggjing i verna vassdrag som flaumdempande tiltak.
POSITIV: Medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Odd Henriksen (H), er positiv til kraftutbyggjing i verna vassdrag som flaumdempande tiltak.

Fare for liv og helse

Dei to besøkte Aurland og Flåm tysdag denne veka, der dei fekk presentert ein rapport som viser behovet for flaumdempande tiltak i Flåm. Aurland-ordførar, Noralv Distad (H), håpar opninga i energimeldinga gjer at Stortinget no vil seie ja til ei utgreiing av vassdraget, og etter kvart utbyggjing. 

Sjølv om Distad forstår at utbyggjing i verna vassdrag er kontroversielt, er han klar på at nettopp liv og helse er i fare ved nye og større flaumar. Lødemel meiner vassdraget i kommunen burde vere kvalifisert til å bli vurdert. 

– Det nemnte eg i debatten på Stortinget. Me ønskjer ikkje nye og endå større flaumar enn det me hadde i 2014. Eg meiner det forliket i energimeldinga viser at det moglegheit for å handsame desse, og eg vil vere med og presse på, seier han.

Betre teknologi i dag

Henriksen meiner at med dagens teknologi skal dette fint lete seg gjere.

– Det er viktig at ein ikkje blir for oppteken av pålegg, men set seg heller ned rundt bordet og løyser ting saman. Ein har så mykje kunnskap og teknologi no at ein kan styre desse vassmengdene langt betre enn på 50-talet. Det må vere mogleg å ta vare på vern og energi i same vassdraga.

– Det er krevjande, og nokre gonger må me kanskje seie nei sjølv om me vil seie ja, men dette må vere mogleg å få til i staden for at ein grev seg ned og seier berre nei.

Til toppen