GIR OPP: Bjørn Lødemel innser at slaget er tapt og gir opp kampen om ein tredje periode på Stortinget. Foto: arkiv.
GIR OPP: Bjørn Lødemel innser at slaget er tapt og gir opp kampen om ein tredje periode på Stortinget. Foto: arkiv.

Lødemel trekk seg frå nominasjonen til stortingsvalet

Høgre-politikaren har vore på Stortinget sidan 2009. Manglande støtte gjer at han droppar å kjempe om ein tredje periode.

I dag kjem lokallaga til Høgre med deira endelege forslag til stortingsliste for Høgre i Sogn og Fjordane Høgre. Eitt namn kjem til å mangle.

– Det er vemodig. Eg prøvde å telje opp kor mange som ville stemme på meg, men eg måtte innsjå at slaget er tapt. Så no tar eg tapet på forskot, eg hadde ikkje sjanse, seier Lødemel til NRK.

Les også: – Har gjort skremslane til skamme
Les også: Lødemel: – Eg skal vere med å presse på

Askvoll-ordførar Frida Melvær er innstilt på førsteplass og blir dermed partiet sin stortingskandidat.

– Eg ville trekkje meg i dag, sånn at vi kan samle oss kring valet av Frida Melvær, seier Lødemel.

Til toppen