LYS FRAMTID: Aleksander Øren Heen er av eige parti løfta fram som ein ung politikar med ei lys framtid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LYS FRAMTID: Aleksander Øren Heen er av eige parti løfta fram som ein ung politikar med ei lys framtid. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

Løfta fram som politikartalent

Aleksander Øren Heen (Sp) er spådd ei lys framtid av eige parti.

Årdal: Det var i samband med TV 2 sin reportasje om framtidas toppolitikarar at årdølen vart trekt fram saman med partikollega Emilie Enger Mehl.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt og stas å bli lagt merke til. At nokon har trua på at eg kan få til noko, er kjekt, seier Heen til Porten.no.

Senterparti-politikaren har fått til mykje i sin unge alder på heimebane. I haust slo han og partiet til med eit brakval i Årdal der dei nesten klarte å vippe Arbeidarpartiet av tronen.

Lærerikt

For tida har Heen pause frå lokalpolitikken etter at han fekk tilbod som politisk rådgivar for Senterpartiet si stortingsgruppe med ansvar for samferdsle. Vikariatet varer frå mars og ut året.

– Det går veldig bra, og eg tykkjer det er lærerikt. Det er mykje å setja seg inn, men det er interessant å sjå korleis det fungerer frå innsida, seier han. 

– Samferdsle er ikkje det eg har jobba mest med tidlegare, men det er jo eit viktig område spesielt for Sogn og Fjordane som har så mykje veg per innbyggjar. Det er næring eg har jobba mest med i fylkeskommunen, samt at eg dei siste fem åra har jobba i eit næringsselskap, så dette er noko som oppteke meg mykje.

Ambisjonar

I utgangspunktet er vikariatet ut år, og planen er at Heen er tilbake i Årdal når det går ut. I mellomtida er ambisjonen klar.

– No er det snart nominasjon til stortingsvalet, og eg håpar å melde meg på i den runden til ein av dei øvste plassane. Eg skal gjera eit forsøk, og så får me sjå korleis partiet prioriterer.

Fram til dess må Heen for første gong sidan han kom inn i politikken for åtte og eit halv år sidan sitja på utsida og sjå inn. Det klør i fingrane.

– Det er merkeleg. Eg har vore i kommunestyret i åtte og eit halv år, så det er merkeleg ikkje å vera der og delta i debattane. Eg er jo glad i debatten og tykkjer dte er kjekt, så det klør litt i fingrane, smiler han.

Til toppen