FORNØYGD: Geir Reidar Hestetun (frå venstre) fortel at han er fornøygd med sølvmedaljen, men siktar mot gull. Foto: privat.
FORNØYGD: Geir Reidar Hestetun (frå venstre) fortel at han er fornøygd med sølvmedaljen, men siktar mot gull. Foto: privat.

Løfta seg til sølv og bronse

Både Geir Reidar Hestethun og Arve Otto tok med seg medalje heim frå NM i Bergen denne helga.

Arve Otto Nundal, Arild Kråkenes og Geir Reidar Hestethun frå Jotun deltok i NM i Benkpress denne helga. Dei tre vektløftarane viste deltakarane i Bergen kva dei er gode for.

Geir Reidar hadde bom på fyrste løftet sitt, sikringen var sett feil i forhold til vekta han hadde slik at han slo ned i med stanga.

– Starten min vart ikkje slik eg hadde tenkt. Noko som var positivt for meg, var at dei bak meg bomma. Dei andre gjekk alt for tungt på, slik at dei bomma på løfta sine. Då slapp eg å løfte så tungt for å komme vidare. 

Geir Reidar seier òg at Arve Otto løfta nokre flotte løft i konkurransen.

Viktig støtte

TIDLEGARE EUROPAMESTER: Arild Kråkenes er tidlegare Europamester i benkpress.
TIDLEGARE EUROPAMESTER: Arild Kråkenes er tidlegare Europamester i benkpress.

Arild Kråkenes som tidlegare er Europameister i benkpress, var ferdig å løfte før Geir Reidar og Arve Otto. Han hjelpte dei med vektene og kor mykje dei skulle melde inn. Han har mykje erfaring innanfor denne sporten, noko Geir Reidar hadde god nytte av. 

– Hadde det ikkje vore for Arild, kunne dette gått begge vegar, fortel Hestethun.

Geir Reidar har tidlegare teke bronse i NM, men denne gongen var det sølvmedalje for vektløftaren.

– Eg manglar ein gullmedalje, men den skal eg satse for. Eg kan ikkje gi meg no! Ein sølvemdalje er ein sølvmedalje, og den er eg kry over, fortel Geir Reidar. 

Vektløftaren seier vidare at han vil takke Arve Otto som har hjulpe han på veg til dette. Han og Arve Otto har trena jevnt tre gonger i veka til dette, noko dei skal fortsette å gjere. 

Les også: Tunge vekter og rå makt

Til toppen