INSPIRERT: Helene vart inspirert av kjærasten Inge Audun til å starta med styrkeløft og har ambisjonar om å bli av dei beste i Noreg i sin klasse. Foto: Tore Larsen
INSPIRERT: Helene vart inspirert av kjærasten Inge Audun til å starta med styrkeløft og har ambisjonar om å bli av dei beste i Noreg i sin klasse. Foto: Tore Larsen

Løfta til saman 1000 kilo i NM

Inge Audun Kjoberg og Helene Hovland Hellebø sette begge personleg rekord under NM i styrkeløft utstyrsfritt. 

Sogndal: – Det var veldig spennande å delta. Eg har berre drive på med styrkeløft i eitt år, seier Helene Hovland Hellebø.

Ho er opphavleg frå Lærdal, men representerte Sogndal IL under NM i styrkeløft utstyrsfritt denne helga.

NY PERS: Helene Hovland Hellebø sette ny personleg rekord med fem kilo på dei tre teknikkane, men tykkjer likevel det kunne ha gått betre i NM i styrkeløft utstyrsfritt.
NY PERS: Helene Hovland Hellebø sette ny personleg rekord med fem kilo på dei tre teknikkane, men tykkjer likevel det kunne ha gått betre i NM i styrkeløft utstyrsfritt.

Hovland Hellebø løfta 120 kilo i knebøy, 72,5 kilo i benkpress og 127,5 kilo i markløft - totalt 320 kg. Det er fem kilo meir enn hennar førre personlege rekord samanlagt.

Vil bli blant dei beste i landet

Likevel er ho ikkje heilt nøgd.

– Det kunne ha gått litt betre, eg har høge forventingar til meg sjølv. Men etter eitt år med styrkeløft og i første NM er det heilt greitt.

– Kva er ambisjonane vidare? 

– Eg har mål om å bli ein av Noregs beste. No har eg tre år att som junior og under junior-NM i april satsar eg på høgare score.

Tjueåringen kom på ein 18.plass under NM i styrkeløft utstyrsfritt. Ho fortel ho trenar to til to og ein halv time fire gonger i veka.

Klarde kravet til junior-EM

– Det var kjærasten min, Inge, som inspirerte meg til å byrja med styrkeløft, fortel Hovland Hellebø.

Artikkelen held fram under biletet

​EM-KRAV: Inge Audun Kjoberg løfta til saman 655 kilo i dei tre teknikkane under NM i styrkeløft utstyrsfritt og var dermed akkurat innanfor kravet til junior-EM.
​EM-KRAV: Inge Audun Kjoberg løfta til saman 655 kilo i dei tre teknikkane under NM i styrkeløft utstyrsfritt og var dermed akkurat innanfor kravet til junior-EM.

Og kjærasten, Inge Audun Kjoberg, løfta til saman 655 kilo under NM i styrkeløft utstyrsfritt - 230 kilo i knebøy, 157,5 kilo i benkpress og 267,5 kilo i markløft. Det er akkurat innanfor kravet til junior-EM og dessutan 55 kilo betre enn Kjoberg sin personlege rekord til saman på dei tre teknikkane før NM. Dette heldt til ein 12.plass.

 

Til toppen