KAN VINNA GJEV PRIS: Blir Loftesnesbrui årets bru i Europa? Svaret får me i september.
KAN VINNA GJEV PRIS: Blir Loftesnesbrui årets bru i Europa? Svaret får me i september. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Loftesnesbrui kan vinna europeisk pris

I konkurranse med jarnbanebruer frå Tyskland, Sverige og Tsjekkia.

Sogndal: Loftesnesbrui i Sogndal er blant sju finalistar til i kåringa av årets stålbru i Europa. Den Europeiske stålforeininga står bak prisen, som blir delt ut annakvart år. Målet er å syna fram stålet sine eigenskapar, og stimulera til auka bruk av materialet.

I år var det sendt inn rekordmange 35 bidrag, og Loftesnesbrui er ein av fire kandidatar i kategorien veg- og jarnbanebruer. Den andre hovudkategorien er gang- og sykkelbruer. Der er òg Norge representert, ved Jungelbrua i Groruddalen.

Vinnaren vil bli kåra på ein internasjonale konferanse for stålbruer i Tsjekkia 11. september. 

Loftesnesbrui er teikna av Eggen Arkitekter, og bygd av PNC Norge og K.A. Aurstad. Allereie i desember i fjor vart ho opna for trafikk, men ho skal ikkje vera heilt ferdig før 27. juli. 

Sjå alle finalistane her:

 
ELEGANT: Loftesnesbrui er ein av sju finalistar i kåringa av årets europeiske stålbru, ein av fire i kategorien veg- og jarnbanebruer. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
MASSIV: Dei tre konkurrentane er Rethebrücke i Tyskland, (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
HEIMEFAVORITTEN: Denne fargerike jarnbanebrua i Tsjekkia. (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
SØTA BROR: Og denne restaurerte brua, Årstabron, frå Sverige. (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
NORSK UTFORDRAR: Jungelbrua i Groruddalen er ein av tre kandidatar i kategorien sykkel- og gangbruer. (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
NYTT OG GAMALT: Ho får konkurranse av denne urbane brua i Luxembourg. (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
LUFTIG: Og denne hullete brua i Belgia (Foto: ECCS Steel Bridge Awards)
Til toppen