OPTIMISTISKE: Peter Midthun, administrerande direktør i Firda Billag og Stian Hårklau, administrerande direktør i Airlift, ser fram til samarbeidet mellom Transferd og Airlift, og har trua på drone-satsinga.
OPTIMISTISKE: Peter Midthun, administrerande direktør i Firda Billag og Stian Hårklau, administrerande direktør i Airlift, ser fram til samarbeidet mellom Transferd og Airlift, og har trua på drone-satsinga. (Foto: Synne Asheim Haga)

Lokal helikoptergigant satsar på droner - slik vil dei betre post og rassikring i lokalsamfunna

Då Årdal var isolert av ras i januar, stilte Airlift med helikopter som spylte ned fjellsida. No ser dei mange moglegheiter i droneteknologien.

Førde: Airlift vil i samarbeid med transportfirmaet Transferd utvikle tenester som kan revolusjonere måten droner, eller ubemanna luftfartyg, vert nytta i næringslivet. 

Selskapet, som i dag opererer 18 helikopter, vil stå for ei spanande og nytenkjande utvikling av tenester for blant anna kraftbransjen, transport og logistikk, rassikring og infrastruktur, samt post og budtenester.

– Vi ser at Posten sliter med å oppretthalde servicegraden ute i distrikta, og ved å utnytte luftrommet på innovative måter, vil vi saman med Transferd utvikle ein måte å distribuere post og tenester ut til kundar, seier administrerande direktør i Airlift, Stian Hårklau. 

I Indre Sogn arbeider Airlift hovudsakleg med kraft og rassikring.

– Det vi såg med raset i januar då vi spylte fjellsida etter raset, var at vi kunne ha kombinert det med ei drone som kunne ha overvåka og filma fjellsida medan vi arbeidde. Slik kunne vi ha sett om det var trygt, i staden for å måtte basere det meir på avstandsbedømmelse eller ved å sende folk direkte ned, seier Hårklau.

Spesial kompentanse

Airlift har vid kompetanse og erfaring innan luftfart. Dei driv blant anna med tungtransport med helikopter og meiner at dette skil dei ut blant eventuelle konkurrentar. Dei seier også at dei har brei kunnskap om korleis ein opererer i luftrom, som andre mindre droneselskap ikkje har. 

– Det går på forståing for reglar, korleis ein skal operere i luftrom, korleis ein skal operere nær flyplassar og andre område. Vi ser at ofte blir flyplassar stengde fordi nokon flyr med drone i nærleiken, eller at luftambulansen slit fordi nokon flyr med drone. Den forståinga har vi, så vi kan integrere den på ein sikker måte.

Dei ser at om ein skal drive logistikk og transport framover, vil ein måtte tenkje utradisjonelt og korleis ny teknologi vil påverke det: 

– Vi har en visjon som strekk seg litt fram i tid. Vi trur at vi vil kunne levere enkle tenester allereie i startfasen, seier ein engasjert Hårklau.

Spanande månader i vente

Airlift og Transferd skal bruke dei neste to til tre månadane på å utforske samarbeidet og definere korleis dei skal gå fram.  

– Vi skal bruke tida fram til sommaren på å etablere om det er eit grunnlag for eit nytt selskap.

– Det er spanande for heile regionen, for om me kan setja oss på kartet innan ein industri som absolutt vil vakse i åra framover, vil tenester som vi ikkje kan tenkje oss endå, bli moglege, seier han.

Til toppen