Lokal korona-karantene i Sogn og Fjordane blir løfta: – På veg over i ein ny fase - Porten.no
:
NY FASE: Kommuneoverlege i Lærdal, Årdal og Aurland meiner me har kome over i ein ny fase i koronavirus-utbrotet, med fleire lokale tilfelle.
NY FASE: Kommuneoverlege i Lærdal, Årdal og Aurland meiner me har kome over i ein ny fase i koronavirus-utbrotet, med fleire lokale tilfelle. (Foto: Arkiv)

KORONAVIRUS

Lokal korona-karantene i Sogn og Fjordane blir løfta: – På veg over i ein ny fase

– Me veit at me ikkje får testa nok til å fanga opp alle som kan vera smitta i lokalsamfunnet vårt, seier smittevernlege.

Indre Sogn: Søndag for ei veke sidan innførte dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane to vekers karantene for tilreisande frå ei rekke andre regionar i Norge. 

No vert vedtaket oppheva.

Målet var å verna sjukehusa og det lokale helsevesenet mot smitte så lenge som mogleg. Samstundes har det ført til ein ekstra krevjande situasjon for næringslivet.

– Dette har vore inngripande tiltak, men dei har blitt gjort for å gi innbyggjarane våre eit betre vern i ein situasjon der spreiing av smitte framleis var klart forskjellig i ulike regionar, seier kommuneoverlege Leiv Erik Husabø i Sogndal i ei pressemelding.

Ny fase

Kommunelegane i gamlefylket er samde om at dei forsterka restriksjonane har hatt god effekt, men trur ikkje det lenger vil vera tilfelle.

Å forlenga vedtaket er det difor ikkje grunnlag for, meiner dei, og støttar seg på vurderingar frå Folkehelseinstituttet.

– Me ser no at me er på veg over i ein ny fase der smitte med koronaviruset vert påvist i fleire og fleire delar av regionen vår, og me veit at me ikkje får testa nok til å fanga opp alle som kan vera smitta i lokalsamfunnet vårt, seier Frode Myklebust, som er kommuneoverlege i Årdal, Lærdal og Aurland.

Nasjonale vedtak står ved lag

Oppmodinga om å gjera det ein kan for å hindra smittespreiing står framleis ved like, som å reisa minst mogleg, halda avstand til kvarandre og vaska hendene regelmessig.

Alle som har luftvegsymptom skal halda seg heime.

– Det er berre dei lokale karantenevedtaka i Sogn og Fjordane som vert oppheva. Personar som sit i karantene etter nasjonale føringar som til dømes utanlandsreise, eller på grunn av kontakt med smitta eller mistenkt smitteførande person, skal framleis vera i karantene, står det i pressemeldinga.

Til toppen