Sogndal: Til hausten lanserer SGN skis eit nytt skipar til unge køyrarar. Saman med ambassadørar frå selskapet, har unge frikøyringsspirer testa modellane på snø for første gong.
– Det var berre store smil, seier marknadssjef Bård Basberg.

Vil vurdera endå kortare ski
Rabbagast er namnet på den nye skia, som er ei juniorutgåve av Rakkar, ein av dei mest selde modellane til den lokale skiprodusenten.
– Ein juniorkøyrar er naturlegvis mykje lettare enn ein vaksen, så me har gjort mykje med skia for at dei skal vera gode for dei mindre og lettare køyrarane, forklarer Basberg.
I tillegg til ei rein juniorski, har dei òg planar om å lansera ein Rakkar-ski, som er ti centimeter kortare enn den kortaste dei har i dag. Viss satsinga slår til, håper produsenten å utvida til stadig kortare lengder etter kvart.
– Det er etter kvart blitt eit utruleg bra miljø av unge og dyktige skikøyrarar i Sogndal. Det skuldast at dei har foreldre som tek dei til fjells frå dei er små. Det er kult at dei frå neste vinter òg kan stå på lokale ski, seier Basberg.
Satsar på kvalitet
Skia vil kosta tett på fem tusen kroner, som er i det øvre prisskiktet for småski.
– Det er klart at det er ikkje det billigaste du får, men det er til gjengjeld ei skikkeleg kvalitetetsski, med fullverdig trekjerne, ikkje skum og papp, seier Basberg.
Sjølv om det var ungdomen som fekk testa skia i helga, merkar Basberg at òg foreldra blir gira av nyvinninga. Ikkje minst i selskapet sjølv.
– Då det heile starta, så var det ingen i SGN som hadde barn. No har alle dei opphavlege gründarane og dei fleste tilsette fått barn, så det er naturleg at me må ha ski til dei. Det er utan tvil litt for vår eigen fornøyelse at me gjer dette, seier Basberg.