BALESTRENING I BERGEN: Eigentleg heiter han Per Áki Sigurdsson Kvikne (20) og kjem frå Balestrand, men når solbrillene kjem på, blir han til Kjartan Lauritzen – ein bergensk rappar med sterke meiningar. I sommar kjem han til Jordeplerock. Foto: Rainer Kleive. 
BALESTRENING I BERGEN: Eigentleg heiter han Per Áki Sigurdsson Kvikne (20) og kjem frå Balestrand, men når solbrillene kjem på, blir han til Kjartan Lauritzen – ein bergensk rappar med sterke meiningar. I sommar kjem han til Jordeplerock. Foto: Rainer Kleive. 

Lokal rap klar for Jordeplerock

Ny artist er klar for musikkfestivalen i Lærdal.

Lærdal: Det blir eit energisk og underhaldande liveshow når Kjartan Lauritzen kjem til Jordeplerock i sommar. 

Eigentleg heiter han Per Áki Sigurdsson Kvikne (20) og kjem frå Balestrand, men når solbrillene kjem på, blir han til Kjartan Lauritzen – ein bergensk rappar med sterke meiningar.

– Dette er ein kompis av meg, og me er veldig glad for å ha han med. Det blir skikkeleg bra, seier Torgeir Skjerdal i Jordeplerock.

– Viktig å ha med lokale artistar

Kjartan Lauritzen bur i Bergen og dukka opp seint i 2014. Han var ein av artistane som blei dratt fram då Dagens Næringsliv skreiv om den nye rapbølgja i byen i sitt fredagsmagasin D2. 

Artikkelen held fram under biletet.

POPULÆR: Kjartan Lauritzen er svært populær på strømmetenesta Spotify og var blant dei 20 mest spelte på Spotify Viral 50.
POPULÆR: Kjartan Lauritzen er svært populær på strømmetenesta Spotify og var blant dei 20 mest spelte på Spotify Viral 50.

Rapparen er den fjerde artisten som blir stadfesta klar for musikkfesten i Lærdal i sommar. Frå før er DDE, Sandra Lyng og Gunslingers annonsert, så Kjartan Lauritzen er den første lokale artisten. 

– For oss er det viktig å ha med dei lokale artistane på laget og bruka slike som Kjartan Lauritzen, som ikkje har vore så mykje i Lærdal, og dermed kan me syne dei fram, seier Skjerdal.

Aktuell med ny EP

Seint i februar slapp 20-åringen sin første EP, «Mestertyv», og ikkje lenge etter kom EP nummer to «Under skyen». Den første singelen hans, «Havanna», har blitt høyrt over 400 000 gonger på strømmetenesta Spotify og kom på 16. plass på Spotify Viral 50 i Noreg. 

Låta er også blant topp 20 på same liste i nabolanda Danmark og Sverige. I mai slepp han sin tredje EP, som vil by på nye sider av Kjartan Lauritzen. 

Og han blir ikkje den einaste lokale artisten. No ventar hektiske veker for gjengen i Jordeplerock. Skjerdal fortel at dei har to lokale artistar til på lager før dei avsluttar med ei overrasking.

Til toppen