SKISSE: Fem høge blokker skal etter planen byggast nede ved fjorden i Sogndal. Arkitektkontoret 4B frå Sogndal får i oppdrag å detaljprosjektere utbygginga med utgangspunkt i reguleringsplanen politikarane vedtok før helga.
SKISSE: Fem høge blokker skal etter planen byggast nede ved fjorden i Sogndal. Arkitektkontoret 4B frå Sogndal får i oppdrag å detaljprosjektere utbygginga med utgangspunkt i reguleringsplanen politikarane vedtok før helga. (Lerum Brygge AS)

Lokale arkitektar skal teikna Lerum Brygge: – Å bygga høgt byr på utfordringar

Oppdraget blir å få dei planlagde høgblokkene i Sogndal til å harmonera med omgjevnadane i Fjøra. – Kjempespanande, seier arkitektane om utfordringa.

Sogndal: – Målet er å skapa noko folk i Sogndal vil bli stolte over, seier Heidi-Kathrin Osland i Arkitektkontoret 4B.

Før helga vedtok politikarane i Sogndal planane for bygginga 132 leiligheiter fordelte på fem blokker ved fjorden. Lerum Brygge er namnet på prestisjeprosjektet, og sogndalsfirmaet har fått i oppgåve å teikna det. 

– Det er ei kjempespanade utfordring. Me har tenkt å gå inn i jobben med eit breitt blikk og eit ope sinn, seier Osland.

NØGD: Arkitekt Heidi-Kathrin Osland er glad for at dei fekk oppdraget.  Foto: Arkivfoto

Høgblokker møter motstand

For å ta imot den forventa folkeveksten har politikarane i Sogndal opna for å bygga høgare enn før. Det er lenge sidan fortettingsfilosofien vart vedteken, men først i det siste har motstanden vakna.

– Å bygga høgt byr på utfordringar, og det må me ta på alvor, seier Osland.

På Lerum Brygge vil dei to høgste blokkene verta på ni etasjar, eller omlag 31 meter. Osland seier dei vil jobba hardt for at bygga skal passa inn i samspel med fjorden, Fjøra og lokalklimaet.

– Me er klar over at det blir krevande, men me trur me har ein oppdragsgivar som vil stille tøffe krav for at me når måla våre, seier ho.

Blant fleire faktorar trur ho materialbruken blir avgjerande for korleis prosjektet blir oppfatta.

SKISSE: Skibnes arkitekter teikna utkastet som danna utgangspunktet for detaljreguleringsplanen. Den endelege utforminga er det Arkitektkontoret 4B i Sogndal som skal stå for.  Illustrasjon: Skibnes arkitekter

– Det er viktig å få inn material som folk kan kjenna seg heime i og som skapar identitet. Det er naturleg å vurdera tre, men me vil ikkje forskottera noko, seier Osland.

Ventar salsstart i 2019

Torsdag vedtok politikarane i kommunestyret detaljreguleringsplanen for utbygginga. Administrasjonen ønskte å redusera den eine blokka i framlegget frå sju til fem etasjar.

Fleirtalet gjekk for å støtta utbyggar sitt forslag.

– Det er viktig for oss å ha den fleksibiliteten, men akkurat kor høgt det blir veit me ikkje før me har kome i gang med den vidare prosjekteringa, seier Ellen Løkås i Veidekke Eiendom.

For dei var det viktig å velja ein lokal arkitekt til å ta prosjektet i hamn. Sjølv om dei grove linjene er spikra, er den endelege utforminga ikkje bestemt.

Løkås seier dei har prøvd å tilpassa utbygginga så godt det let seg gjera til omgjevnadene.

– Til dømes har me delt ho opp i smale blokker for at sikta til fjorden skal bli så fri som mogleg, seier Løkås. 

Ho seier dei no skal går i gang å planlegga detaljane for utbygginga, eit arbeid som skal enda i ein såkalla rammesøknad. Først då kan dei starta salet av leiligheitene.

– Me satsar på at det vil skje våren 2019, seier Løkås.

Til toppen