SKAL BLI ENKLARE: Målet med samarbeidet er at nordmenn skal få ei mobil betalingsløysing å forhalde seg til. Foto: arkiv.
SKAL BLI ENKLARE: Målet med samarbeidet er at nordmenn skal få ei mobil betalingsløysing å forhalde seg til. Foto: arkiv.

Lokale bankar med i storsatsing på mobil lommebok

Over hundre norske bankar går saman om Vipps som felles løysing for mobilbetaling.

Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Indre Sogn Sparebank, Vik, Aurland og Luster Sparebank er blant dei lokale bankane som no går inn på eigarsida i Vipps.

– Dette er ein historisk dag for Sparebanken Vest og norsk banknæring. Me blir deleigar i Vipps fordi me trur Vipps har potensiale til å vera heilt i front og levera verdas beste digitale lommebok, seier konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, i ei pressemelding.

MOBIL BETALING: Vipps har tidlegare tilhøyrt DNB, men blir no eit sjølvstenig selskap.
MOBIL BETALING: Vipps har tidlegare tilhøyrt DNB, men blir no eit sjølvstenig selskap.

Vipps er ein app på mobilen som mellom anna gjer det mogleg å overføre pengar til venner og kjente via eit telefonnummer. Selskapet har over 2,15 millioner brukarar som dagleg gjer 204.000 transaksjonar.

Til no har det eksistert fleire konkurrerande løysingar, som mCash og MobilPay. Tanken er at èi mobil lommebok skal gjere det mindre forvirrande for folk.

– Målet er at kunden skal kunna bruka Vipps til all betaling og i alle situasjonar i framtida. Me ser fram til å kunna realisera desse ambisjonane saman med andre bankar i det nye selskapet. Det inneber at det kjem mykje nytt og spennande allereie i 2017, seier banksjef i Luster Sparebank, Oddstein Haugen, i same pressemelding.

Vipps har vore ein del av DNB-konsernet, men blir no eit frittståande selskap.  ​DNB blir største eigar med 52 prosent, SpareBank 1 nest størst med 25 prosent, medan dei sjølvstendige sparebankane vil eige til saman 12 prosent av selskapet.

Medeigar: Luster Sparebank er ein av fleire lokale bankar som no er medeigar i Vipps.
Medeigar: Luster Sparebank er ein av fleire lokale bankar som no er medeigar i Vipps.

– Me får ein eigarandel i eit selskap som er heilt i fremste linje internasjonalt innan mobilbetaling, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, i pressemeldinga.

Avtalen forutset godkjenning frå norske tilsynsmyndigheiter, så inntil vidare vil ikkje samarbeidet få nokon praktiske konsekvensar for bankkundane.

Til toppen