Ortnevik: Ortnevik Nærbutikk er kjernen i bygda. Der kan ein finne ein kaffekrok for å slå av ein prat, eit minibibiliotek, lokal litteratur og ikkje minst ei oppslagstavle for å ha kontroll på kva som skjer, i kjent bygdestil.

Lokale daglegvarebutikkar landet over slit, men i Ortnevik går det godt
Det er eit resultat av utviklinga som har skjedd i den lille bygda dei siste åra med nye arbeidsplassar, bedrifter som gjer det bra og fleire fastbuande.