LOKAL VRI: Ketil Thorbjørnsen, Strupetakarane, Raaskinn og ASVO-bandet utgjer den lokale vrien på årets Målrock. I tillegg kjem Kråkesølv. Foto: Reidun Vinda.
LOKAL VRI: Ketil Thorbjørnsen, Strupetakarane, Raaskinn og ASVO-bandet utgjer den lokale vrien på årets Målrock. I tillegg kjem Kråkesølv. Foto: Reidun Vinda.

Lokale heltar gjer Målrock-programmet komplett

Og for første gong skal Kråkesølv stå på scena i Meiriparken.

Endeleg er Målrock-programmet komplett, og det ligg an til å bli tidenes festival. I det siste artistsleppet, er fire av fem namn lokale, og for første gong skal Bodø-bandet Kråkesølv spela på Årdalstangen.

Dei fire lokale artistane er Strupetakarane, Raaskinn, Ketil Thorbjørnsen og ASVO-bandet.

LES OGSÅ: Doblar tilskotet til Målrock

– Dette er rett og slett skikkeleg pynt på den fantastiske Målrock-plakaten me har fått i år. Det er både viktig for oss og veldig stas å få presentera eit knippe lokale artistar under festivalen, og me gler oss veldig, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim.

Artikkelen held fram under biletet.

LANSERER ALBUM: Ketil Thorbjørnsen lanserer albummet sitt under Målrock. Foto. Reidun Vinda.
LANSERER ALBUM: Ketil Thorbjørnsen lanserer albummet sitt under Målrock. Foto. Reidun Vinda.

– No har me offentleggjort heile programmet, så då er det berre alle førebuingane att før det brakar laus i august. Me håpar sjølvsagt på rekordoppslutnad.

Lokal tradisjon

Førstnemnde fekk den litt uventa æra av å avslutta fjorårets festival då stormen «Lena» bleste seg opp til å setja ein stoppar for kvelden. Strupetakarane har nesten blitt synonymt med Målrock, og det er blitt ein slags tradisjon at det lokale bandet spelar på årdalsdialekt. 

Artikkelen held fram under biletet.

KLARE FOR MÅLROCK: Årdalsbandet Raaskinn skal varma opp for Fish torsdag 6. august.
KLARE FOR MÅLROCK: Årdalsbandet Raaskinn skal varma opp for Fish torsdag 6. august.

Det går i årdalsdialekt hjå Raaskinn også, som saman med Ketil Thorbjørnsen skal varma opp for Fish torsdag. 

Lanserer plate

Thorbjørnsen var for ei veka sidan ferdig med å spela inn si første norskspråklege plate, som Porten.no har skreve om tidlegare. For han blir festivalen litt ekstra spesiell i og med at han kjem til å lansera albummet då. Frå torsdag til søndag er det å få kjøpt hjå han. Inntektene går rett i kassa til eit nytt album.

LES OGSÅ: Ketil Thorbjørnsen med plateutgjeving

– Det blir heilt fantastisk å presentera musikken for sambygdingane. Det er ingen som har høyrt desse songane før, seier han og legg til at det blir stor stas å spela i Meiriparken.

– Det er noko med at det er sin eigen musikk. Me har jobba veldig hardt alle saman og fått med oss kremfolk. Me var ferdig med å spela inn for ei veka sidan, og då var det heilt tomt. No er det å laga cover og den typen ting som gjenstår. Reidun Vinda skal hjelpa meg litt med det. Me prøver å halde den lokale profilen, fortel han.

I Årdal for første gong

Også Raaskinn jobbar med å spela inn si debutplate, som er venta klar i 2016. Dei starta opp i 2010, og mange har nok høyrt den velkjende songen «Årdal-Tyin: Stengd». 

LES OGSÅ: Slik blir friluftsdelen under Målrock

Siste lokale namn ut er ASVO-bandet, som ein kan nyta tonane til i vakre omgjevnader i Skåri. Dei blir nemleg det lokale innslaget der under årets festival. 

Artikkelen held fram under biletet.

FØRSTE GONG: For første gong skal Bodø-bandet Kråkesølv stå på scena under årets Målrock. Pressefoto.
FØRSTE GONG: For første gong skal Bodø-bandet Kråkesølv stå på scena under årets Målrock. Pressefoto.

Men det er ikkje berre lokale heltar som no blir presentert. Etter å ha blitt etterspurt i mange år, blir omsider Kråkesølv å sjå under årets festival for aller første gong. Bodø-bandet gav i fjor ut sitt fjerde album. Med atmosfærisk pop og litt ruskete rock, som blir framført på brei Bodø-dialekt, passar dei godt inn i Målrock-programmet.

Til toppen