HEIDRA: Elleve personar i Norsk Folkehjelp i Årdal vart heidra for lang og tru teneste under årsmøtet. Foto: Susanne Moen Øy.
HEIDRA: Elleve personar i Norsk Folkehjelp i Årdal vart heidra for lang og tru teneste under årsmøtet. Foto: Susanne Moen Øy.

Lokale heltar vart heidra

Elleve personar i Norsk Folkehjelp-miljøet i Årdal blei vist takksemd for lang og tru teneste.

Når alvorlege hendingar inntreff, stiller Norsk Folkehjelp opp for lokalsamfunnet. Fleire av dei frivillige brukar mykje av fritida si på å hjelpe innbyggjarane, og under årsmøtet onsdag ettermiddag blei desse heidra med gullnål og sølvnål.

Krava for å motta nålene er ulike. For å få gullnåla må ein ha minst 30 år som medlem i organisasjonen, der ti av desse er med framtredande tillitsverv.

For å få sølvnåla må du ha vore med i organisasjonen i 25 år som frivillig. Under årsmøtet var det ni personar i Årdal som hadde gjort seg fortent til gullnåla, medan to fekk sølvnåla utdelt. 

ÅRSMØTE: Under årsmøtet blei det delt ut gull- og sølvnåler.
ÅRSMØTE: Under årsmøtet blei det delt ut gull- og sølvnåler.

36 år i Norsk Folkehjelp

Dei ni som mottok gullnåla var Bjørn Furuseth, Johnny Bjørk, Tor Finnebotten, Svein Fretland, Magnar Moen, Egil Natvik, Jørgen Natvik, Gehrard Einan og Rune Blikken, medan Konrad Låksrud og Magne Reidar Asperheim fekk sølvnåla.

Tor Finnebotten var ein av dei som mottok gullnåla etter utrulege 36 år som frivillig.

– Det er flott å få ein slik påskjønnelse etter så mange år. Det viser at dei set pris på meg og arbeidet eg gjer, seier han. 

For Finnebotten, samt mange andre frivillige, starta det heile med å vere ei lærerik oppleving. Dette utvikla seg og etter kvart blei det lagt meir og meir tid ned i Norsk Folkehjelp.

Vanskelege saker

Drivkrafta er den same for samtlege; å hjelpe andre. Og å hjelpe andre kan nokre gonger vera morosamt og spennande, medan andre gonger kan det vera triste og tunge saker.

Artikkelen held fram under biletet.

TRIST SAK: Leiteaksjonen etter Charlotte Moene er ei sak mange av medlema i Norsk Folkehjelp vil hugse lenge. Arkiv
TRIST SAK: Leiteaksjonen etter Charlotte Moene er ei sak mange av medlema i Norsk Folkehjelp vil hugse lenge. Arkiv

– Sidan eg byrja her har Charlotte Moene-saka vore den mest krevjande og ei av dei største sakene eg har vore med på. Når ein er sanitetsleiar, er det mykje som skal passast på, og eg var jo her i tre-fire døgn, seier Blikken.

– Sjølvsagt var det krevjande når ein veit all frustrasjonen som er utanfor. Det er nok den saka me kjem til å hugse best, trur eg.

Ønskjer seg fleire medlem

Dette er eit døme på saker som viser kor viktig det er å organisasjonar som Norsk Folkehjelp, som kan bidra på mange plan. Leiar i organisasjonen i Årdal, Edvard Holsæter, håpar fleire vil melde seg inn.

– Me vil verkeleg vise at me set pris på dei, i og med at medlemstalet synk. Det er viktig for oss å halde på medlema, samstundes som me også vil skaffe oss nye. Me håpar at både unge og eldre skal melde seg inn.

– Samstundes ser me at dagens ungdom kanskje har andre interesser, noko som er veldig dumt for oss. Men har du eit frivillig engasjement, er du hjarteleg velkommen, oppmodar han. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen