
Lærdal: – Det har vore mange folk innom, både for å sjå på fotoutstillingane og for å handla. Det er veldig positivt, det gjer at me får lyst til å halde fram, seier fotograf Mariell Øyre.
Marknaden og utstillinga er ein del av satsinga Levande lokale og Typisk Lærdal. Øyre er ein av hovudpersonane bak prosjektet i tillegg til Ida Rudningen, Linda Olsen og Hanne Nygård-Bøe.
Lokal kunst og handverk
Mange lokale krefter har bidrege til marknaden, blant andre har Lærdal husflidslag og designer Siv Støldal har vore med å utvikla ei kofte i ull med design frå Borgund stavkyrkje og lakseskjell frå Lærdalslaksen.

Ein av dei som bidrog til konsptet er Ida Rudningen, som er kunst og handverkslærar på Lærdalsøyri skule. Produktet hennar er handlenett med Lærdalsdesign, laga ved bruk av ein metode kalla linotrykk.
På bordet framanfor henne ligg det fleire motiv, til dømes Anna Skaar på purka og Borgund stavkyrkje.
– Etter Levande lokale starta, vart eg inspirert til å skapa noko eg òg. Det har blitt ein ny hobby, seier ho.
Ho har laga kring 100 handlenett, og har planar om å laga fleire.
Kunst og handverkslæraren fortel at ho òg jobbar med ei fargjeleggingsbok, som ho håpar å få ferdig til sommaren. Motiva er inspirert av Lærdal, og ho teiknar alle sjølv.