Mange er interesserte i å kome seg ut på tur og drive friluftsliv også når dei er på ferie. For å gjere det enklare for turistar å finne fram til dei gode friluftslivsområda i kvar enkelt kommune, skal desse bli skildra i den nye vegboka frå NAF som kjem ut i januar 2018. NAF og fellesorganisasjonen for 16 norske frivillige friluftsorganisasjonar Norsk Friluftsliv ønskjer derfor at alle kommunar i landet no kårar sitt mest attraktive friluftslivsområde.
Oppmodinga til kommunane om å kåre sitt mest attraktive friluftslivsområde starta allereie under Friluftslivsåret i 2015. Til no er det rundt 100 kommunar som har meldt inn det området dei vil ha omtalt i vegboka. 300 kommunar har dermed framleis ei utfordring liggjande i å kåre sitt mest attraktive friluftsområde.
Artikkelen held fram under biletet

– Vi håpar at kommunane ser verdien det ligg i å få sitt finaste friluftslivsområde omtala i NAF-boka. Vi ser at det er ein trend at fleire legg opp til ein meir aktiv ferie enn tidlegare, og at folk ønskjer å feriere i eige land, seier Tonje Refseth som er prosjektleiar i Norsk Friluftsliv.
For å kome med i NAF-boka neste år må kommunane sende inn ei kort skildring av sitt mest attraktive friluftsområde innan 1. mai i år til tonje@norskfriluftsliv.no.
NAF-boka blir trykt i eit opplag på 600 000 eksemplar og kan også brukast digitalt. På norskfriluftsliv.no ligg oppdatert liste over kva kommunar som har meldt inn sitt område, og kva område som er meldt inn.
(©NPK)