Sogndal/Årdal/Porsgrunn: Joachim Furset frå Årdalstangen IL, Adrian Solberg, Johan Hove og Eivind Helgesen – alle frå Sogndal IL Fotball – deltek denne veka på Statoils talentleir i Porsgrunn saman med Noregs beste og mest talentfulle 15- og 16-åringar.
Framtidas landslagsspelarar
Dei er fire av ni fotballspelarar frå Sogn og Fjordane i denne årsklassa handplukka til samlinga som utgjer toppen av Norges Fotballforbunds (NFF) landslagsskule. Målet med skulen er å driva systematisk talentutvikling for å danna Noregs framtidige landslag.
- Les også: No er han klar for Årdal FK
- Les også: Knalldebut for 16-åringen
– Statoils talentleir ønskjer å utvikla unge fotballtalent, i tillegg til å inspirera dei til å oppretthalda innsatsen og læringsfokuset på vegen vidare. For å bli ein elitespelar må ein ha talent og ei vilje til å trena mykje over lengre tid, seier marknadsdirektør i Statoil, Karen Onsager Keiserud.
I løpet av veka vil desse utvalde talenta som er vurdert hakket under landslagsnivå få høve til å kvalifisera seg til ein kamp mot G15- og G16-landslaget. Av erfaring har lite skild dei to nivåa, og fleire av utfordrarspelerane har tidlegare spelt seg rett inn i landslagstroppen. Martin Ødegaard og Mats Møller Dæhlie er kjende namn som tidlegare har delteke på liknande fotballsamlingar, går det fram av ei pressemelding frå Statoils Talentleir - Morgendagens Helter.
Artikkelen held fram under biletet

Gamle fotballhelter viser veg
Trenarteamet består blant anna av gamle Drillo-heltar som Erlend Johnsen og tidlegare landslagskeeper Frode Grodås. Fagansvarleg for Landslagsskolen, Håkon Grøttland, er imponert over årets spelarar, og seier at trenarane ser fram til å jobba med dei unge talenta.
– Eg er sikker på at me møter framtidas landslagsspelarar på Statoils talentleir i Porsgrunn. For å spela på toppnivå er dei avhengige av å ha gode trenarar og støttespelarar. Me håpar me har lagd til rette for ei lærerik samling som inspirerer morgondagens fotballheltar, seier Grøttland.