Biletet er frå då System og Six spelte på Påskerock 2015. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
Biletet er frå då System og Six spelte på Påskerock 2015. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Lokale talent på fylkesmønstring

Fyrste del av UKM Sogn og Fjordane 2015 gjekk av stabelen i Førdehuset på laurdag, med ein publikumsmasse på totalt 500 stk på framsyningar og kunstutstilling.

Denne helga vert det arrangert fylkesmønstring i ti av Noregs nitten fylke, og Sogn og Fjordane er eit av dei. Vinnarane offentleggjerast måndag morgon. 

Artistar frå Lærdal og Årdal

Programmet på laurdag var delt inn i to puljar, og Førdehuset vart fyllt med musikalske tonar frå kl. 13.00 laurdag. 
Sara Sofie (10) var fyrste lærdøl ut, og med Ketil Torbjørnsen som godt selskap framførte ho songen "Accety" på akustisk gitar. Saman med Sara Sofie var lærdalsbandet Steinsprang med i fyrste pulje med songen "Wild Thing". Bandet består av trommis Jens Henrik Hegg (13), gitarist Jon Hermann Hegg (16), gitarist Oscar Gram Cock (13), bassist Tore Skårheim (12) og vokalist Pia Berg Nemeth (12). 

Årdalsbandet System of Six deltok i pulje nummer to med den sjølvkomponerte låta "Higher". Vokalist Frida Tryti Hunshammer (16) deltok saman med gitarist Andreas Hillestad (16), gitarist Are Håland Einan (16), bassist Christian Rasmussen (16), trommis Mathias Hansen (17) og Morten Hestetun Flugheim (16) på tangentar.

Den modige lærdølen Amalie (13) framførte balladen "Grand Piano" heilt åleine på scena. 

Flott innsats

Borne-og ungdomskontakt i kommunen, Gunnvor Haug Moen, er med årdølene til Førde. – Eg er veldig imponert! Her er det mykje bra i alle sjangrar og aldrar, seier ho på telefon til porten.no.

Ho fortel vidare at kunstutstillinga opna laurdag formiddag og at det var jamn trafikk i utstillingslokala heile laurdagen. 

Årdøler og lærdøler som deltek med kunst under UKM Sogn og Fjordane er:

Jenny Holsæter med collagen "Stol på meg", Silje Larsen med biletet "Empty", Maia Vetti Grøndal med måleriet "Gladfargar" og Elisa Nesse med biletet "Skyggen".

Synne Bentås med linoleumstrykket ”Hauststormen”, Inger Johanne F. Kaardal med teikninga ”Trompeten”, Eirin Hamre med teikninga ”Hammaren”, Jorunn Grøndal med måleriet "Monsteratack" og Knut Isdal Lindstrøm med skulpturen ”Ugle”.

 

Til toppen