SAMARBEID: Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Årdal Arbeidarparti håpar at kommunen saman med Lærdal, kan samarbeida med Hemsedal og Vang på tvers av fylkesgrensa. Foto: Arkiv. 
SAMARBEID: Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Årdal Arbeidarparti håpar at kommunen saman med Lærdal, kan samarbeida med Hemsedal og Vang på tvers av fylkesgrensa. Foto: Arkiv. 

– Lokalmedisinsk senter er årsaka Sogndal braut med Årdal og Lærdal

Under forhandlingane om ein storkommune, var plasseringa av Sogn lokalemedisinsk mykje diskutert. Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Årdal Arbeidarparti, meiner senteret var det avgjerande momentet som gjorde at Sogndal braut med Årdal og Lærdal. 
 

​– – Om vi ikkje klarar å samarbeide, kjem alle til å kjempe mot kvarandre. Det vil enda med kannibalisme og resultera i at ein står åleine til slutt. Dette er heller ikkje Sogndal tent med, seier Brandsdal om forhandlingane. 

Les også: Ufrivillig ute av kommune-kabalen

Kommunestyret i Årdal har tidlegare vedteke å utrede to moglege alternativ for samanslåingar. Det eine alternativet kom frå Sogn Regionråd og inkluderte Årdal, Lærdal, Vik, Sogndal, Leikanger og Balestrand.

Det andre alternativet var ei samanslåing mellom Årdal, Lærdal og Aurland. Begge forhandlingane sprakk, noko som resulterte i at både Årdal og Lærdal står ufrivillige ute av kommune-kabalen. 

Punkterte forhandlingane

Både Lærdal og Årdal gjekk tomhendte heimatt frå forhandlingane om ein storkommune i Sogn. Då Aurland annonserte at dei heller ville sjå mot Hordaland og slå seg saman med Voss og Vik, vart både Lærdal og Aurland ståande ufrivilleg ugifte. 

– Lokal medisinsksenter var det punktet der usemja låg. Det var der forhandlingane vart punktert. Det var difor Sogndal valte å avslutta forhandlingane med Lærdal og Årdal. Det er ein dårleg skjult løyndom at Sogndal ynskjer lokalmedisinsk senter, seier Brandsdal.

Lokalpolitikaren meiner at Sogndal som regionssenter, burde syna eit litt større ansvar enn det dei gjorde i forhandlingane.

– Ein må sjå heile regionen fram i tid. Kommunikasjonane kan endra seg og det vert mindre avstander.  Det er snakk om å vere rause med kvarandre, seier Brandsdal. 

Les også: Aurland vil ikkje slåast saman med Årdal og Lærdal

Ho meiner forhandlingsutvalet til kommunen gjorde ein god jobb i forhandlingane om ein storkommune i Sogn. Årdal må no likeins med Lærdal, melde attende til Fylkesmannen om at kommunen ufrivillig ikkje har nokon alternativ til kommunesamanslåing og difor står  åleine.

– Det er veldig synd. Eg skulle ønskja Sogndal opptrådte meir som eit  regionsenter, slik at innbyggjarane våre også kunne få eit demokratisk val, seier Brandsdal. 

Vil sjå over fylkesgrensa 

I 2013 uttala Marie Helene Hollevik Brandsdal at Årdal kommune var positive til den komande kommunereformen, viss den også  vil gagna innbyggjarane i distrikta. Dette sa ho under Landssamanslutninga av nynorskkommunar. 

Nyleg gjekk lærdalsordføraren, Jan Geir Solheim, ut å sa at Lærdal vil styrka samarbeidet med kommunane Hemsedal og Vang som ligg over fylkesgrensa. For tre år sidan sa Brandsdal at om ein ser vekk frå fylkesgrensene, er Vang eit naturleg alternativ å vurdere saman med Årdal, Lærdal og Aurland, om ei ny kommunereform skulle på plass. 

–  Det å sjå vidare på eit samarbeid til Vang og Hemsedal, slik som Solheim og Lærdal gjer, er bra, sjølv om det jamfør Sanner ikkje monnar i ei kommunesamanslåing, då innbyggjartalet vert for lite. Vi har felles interesser som samferdsle og kommunikasjon, helse og næringsliv. Årdal, Lærdal og Aurland har fordelen med at me er plassert annleis på kartet enn det Sogndal er. På denne måten kan vi sjå forbi fylkesgrensene når det er snakk om framtidig samarbeid mellom kommunar, seier ho. 

Vil danna ein sterk Vestlandsregion

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, har mål om å samla dei tre fylka i vest for å danna ein sterk Vestlandsregion mot maktsenteret i Oslo.

– Årsaka til at Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylke kan vere histore om ikkje så lenge, må nok kommunalminsiter Jan Tore Sanner, ta mykje av ansvaret for. Då han hadde møte med fylkesordførarane i landet kort tid etter nyttår, var han heilt tydleg på at det ikkje blei fleire oppgåver å utføre for fylkeskommunane, dersom dei heldt fast på dagens grenser, seier Brandsdal. 

Det fekk fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun til å innsjå at no stod valet mellom å endre fylkesgrensene, eller å sjå at fylkeskommunane blir raderte ut.

– Dette var bakteppet for dei to alternativ vedtaka våre om intensjonsavtalar. Ein sterk Vestlandsregion kan klare å byggje ei motvekt til Oslo dominansen både i politikken og i næringslivet, seier Brandsdal. 

Meiner kommunereforma er ei sentraliseringsreform

1. april kjem stortingsmeldinga frå kommunalminister Sanner om korleis han ser for seg region- og kommuneoppdelinga i landet. 

– Frå sentralt hald har ikkje målet med kommunesamanslåinga  blitt kommunisert godt nok ut. Dei snakkar om at me skal bli meir robuste, men for oss i distrikta har ikkje ordet innhald eller truverde. Difor har vi inntrykk av at kommunereforma er enda ei sentraliseringsreform. Eg er ikkje imot endringar, men eg kjenner meg utrygg på om dei ynskjer at det skal bu folk i distrikta, seier Brandsdal. 

Store institusjonar som politiet, helse, NAV, den vidaregåande skulen og Høgskulen i Sogn og Fjordane er bærebjelkane i samfunnet. No meinar Brandsdal at dei er i ferd med å sentraliserast og at dagens fylkeskommune står i fare,

– Det er dette kommunereforma dreiar seg om. Om målet med kommunereforma er å få fleire innbyggjarar i kommunane, så må vi ha trygge, berekraftige institusjonar. Kommunereforma slik den er å lese idag, ser ut til å mangle fordelar for distrikta. Arbeiderpartiet meiner at kommunesamanslåing må vere frivillig og at kommunane ser seg tjent med ei samanslåing, seier ho. 

Til toppen