Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Lokalmedisinsk senter er viktig for Sogn

Det kostar kanskje meir enn det smakar akkurat no, men å samlokalisere helsetenester til Lærdal sjukehus er fornuftig. 

LEIAR: Årdal kommune har sagt opp avtalen med Sogn lokalmedisinsk senter. Det set heile tilbodet i fare. Sidan Årdal har det største folketalet av dei kommunane som kjøper dei dyraste tenestene, er dette alvorleg.

Det påverkar alle. Når legekontora i dei ulike kommunane stenger om ettermiddagen, er det på Lærdal sjukehus og LMS du havnar dersom du treng helsehjelp. Det vil seia, dersom du bur i Årdal, Lærdal eller Aurland. 

Det kan vere litt innvikla å forstå, men kort sagt tilbyr LMS tre ulike tilbod som kommunar kjøper. Dei mest kostbare, som er legevakttenesta og kommunale akutte døgnplassar (KAD), er ÅLA-kommunane sentrale medan Leikanger spyttar inn på KAD. 

For å gi eit inntrykk av kva dette kostar, kan ein fortelje at Årdal betalar 4,1 millionar kroner i året. Men no viser det seg at det kjem ein kostnad på toppen av dette på 1,3 millionar. Dette skuldast opplæring på naudnett, samt ei omrigging av kontor- og arbeidsplassar. 

Dette er naturlegvis ei eingongsinvestering og noko ein må gjere. Det vil også kome fleire krav i framtida. Allereie 1. januar er kommunane lovpålagte å tilby akutte døgnplassar for rus- og psykiatripasientar. 

Førebels er det uvisst kva Årdal gjer med avtalen. Dette må uansett bestemmast før nyttår. Etter det Porten.no har fått vite, er det politikarane som skal bestemme. Og då får dei lagt fram ei sak som seier anten ja eller nei til framhald. 

Då er spørsmålet: Kan Årdal løyse dette sjølv? Og er det uansett vegen å gå?

Neppe.

I desse kommunereform tider er det tydeleg at ingen av kommunane er spesielt lystne på samanslåing, men samarbeid går fint. Og det er mange grunnar til å samarbeide om LMS, sjølv om det kanskje akkurat no kostar meir enn det smakar. 

For det første vil det styrke sjukehuset, som kommunane ved fleire høve har kjempa for å behalde. Der har dei eit samarbeid med Helse Førde, som dei på mange måtar kan dra nytte av. Dessutan skal kommunane møte framtidige krav.

Og kva skjer med legane i dei ulike kommunane dersom dei får vaktordningar som i ironiens namn ikkje er bra for helsa? Kva skjer med rekrutteringa? Det vert stadig påpeika at kommunane i Sogn og Fjordane ikkje er dei mest attraktive å flytte til, at ein treng større einingar med større arbeidsmiljø, der ein kan spele på kvarandre. Slik som LMS. 

Usikre tal viser at Årdal kan utføre desse oppgåvene sjølv for 3,3 millionar kroner, men er dei tent med det? Det vert påstått at samanslåingsavtalen mellom alle kommunane i Sogn stranda på grunn av LMS, fordi Sogndal ville ha det hjå seg, noko ordføraren i saftbygda nektar for. 

Det vart også sagt at Sogndal burde vere rausare, og dei fleste hadde nok helst sett at regionsenteret deltok på heile avtalen, ikkje berre kjøpte telefontenester. Då blir det vel kanskje litt feil å vere krass i tonen mot sogndølene, for så å gjere det same sjølv. 

Men éin ting skal likevel vere overordna alt anna. Det skal vere kvalitet på tenestene. Og så lenge det er kvalitet, er det verdt å betale for. 

Til toppen