VERTSKAPSROLLE: Gjennom Sogn Kunstsenter er Lærdal ein av kommunane som har vertskapsrolle i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. At kommunane må ta kosten for at fylkeskommunen kuttar i driftstilskotet til Stiftinga tykkjer ikkje formannskapet i Lærdal er uproblematisk. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
VERTSKAPSROLLE: Gjennom Sogn Kunstsenter er Lærdal ein av kommunane som har vertskapsrolle i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. At kommunane må ta kosten for at fylkeskommunen kuttar i driftstilskotet til Stiftinga tykkjer ikkje formannskapet i Lærdal er uproblematisk. Foto: Ole Ramshus Sælthun. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Lokalpolitikarane skuffa over kutt i museumstilskot

Fylkeskommunen har i to omgangar vedteke kutt i sine tilskot til Musea i Sogn og Fjordane. Det resterande må kommunane dekke inn.

Lærdal/Sogndal: – Eg føler at bordet fangar i denne saka, sa Frode Myklebust (V) i formannskapsmøtet i Lærdal torsdag.

Sogn og Fjordane fylkeskommune kutta driftstilskotet dei gir til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med 1,1 millionar kroner i 2015 og har vedteke ytterlegare kutt på 1,5 millionar kroner i 2017 – til saman 2,6 millionar årleg gjeldande frå neste år.

Det er utmeisla ein ny finansieringsmodell der det er lagt opp til at kommunane i fylket skal dekkja inn det fylkeskommunen kuttar frå 2017.

– Litt skuffa over fylkeskommunen her

Tilrådinga frå rådmannen inn til formannskapet i Lærdal var at ein måtte bidra med auka årleg stønad for å halda oppe museumstilbodet i fylket.  Gro Starheimsæther (SP) problematiserte på si side det prinsipielle i saka.

– Det står veldig, veldig tydeleg at me berre skal gå inn og dekkja opp for det fylkeskommunen kuttar.

Meirkosten for Lærdal kommune sin del er 44 000 kroner årleg. Totalt skal då kommunen betala 325 000 kroner i årleg tilskot til Musea i Sogn og Fjordane.

Kåre Mentz Lysne (AP) meinte Starheimsæther kom med eit godt poeng:

– 44 000 kroner er ikkje så mykje, men det dreg med. Eg er litt skuffa over fylkeskommunen her, det blir veldig lettvint at kommunane berre skal dekkja inn det dei kuttar.

Vertskapsrolle

Den nye finansieringsmodellen går ut på at alle kommunane i fylket skal bidra med meir. Innbyggjartalet legg grunnlaget for kva den enkelte kommune skal betala. I tillegg skal kommunane med ei såkalla vertskapsrolle bidra noko ekstra. Dette er kommunane der det ligg avdelingar som høyrer innunder stiftinga.

Sogn Kunstsenter i Lærdal er kategorisert som ei underavdeling og gjer at meirkosten aukar noko. Formannskapet uttrykte ikkje at dette i seg sjølv var problematisk, men altså at "bordet fanga" for dei kommunane som har avdelingar under stiftinga

– Kva skjer om me seier nei? undra Frode Myklebust.

Ingen hadde noko godt svar på det, men spørsmålet førde formannskapet inn i ein diskusjon om å løfta saka opp i Sogn Regionråd. Då sa ordførar Jan Geir Solheim følgjande:

– Førre periode gjekk stiftinga til regionråda for å skaffa finansiering. Sogn Regionråd var lunkne. No går dei rett på kommunane. Me har Sogn kunstmuseum her og hamnar i ein liten skvis.

Artikkelen held fram under biletet

SPØRSMÅL: Frode Myklebust, V (f.v.), Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim, begge SP, hadde alle spørsmål rundt den førespegla avtalen om kommunalt driftstilskot til Musea i Sogn og Fjordane.
SPØRSMÅL: Frode Myklebust, V (f.v.), Gro Starheimsæther og ordførar Jan Geir Solheim, begge SP, hadde alle spørsmål rundt den førespegla avtalen om kommunalt driftstilskot til Musea i Sogn og Fjordane.

– Stiftinga må kanskje bu seg på å kutta noko i drifta

Etter finansieringsmodellen skal Sogndal kommune koma med eit tilskot til Musea i Sogn og Fjordane på drygt 700 000 kroner frå 2017. Det er ein auke på rett i overkant av 100 000 kroner frå i år. Sogndal har også ei vertskapsrolle gjennom Sogn folkemuseum på Kaupanger. Dette er rekna som ei hovudavdeling og blir vekta tyngre i finansieringsmodellen enn Sogn kunstsenter

Sogndal kommune har ikkje handsama avtalen om kommunalt driftstilskot til Musea i Sogn og Fjordane. Ordførar Jarle Aarvoll (AP) kjenner likevel godt til saka.

– Å forventa at kommunane prompte skal dekkja opp det fylkeskommunen kuttar blir for lettvint.

Han meiner likevel at prosessen som ligg bak den utarbeidde finansieringsmodellen har vore god.

– Stiftinga har hatt fleire rundar med regionråda og det vart sett ned ei arbeidsgruppe med føremål å koma til ei omforeint forståing av korleis Musea i Sogn og Fjordane skal finansierast. 

Vidare meiner han også Stiftinga må innstilla seg på at dei kanskje ikkje får like mykje i samla tilskot som før.

– Det blir opp til kommunane sjølve å bestemma om dei vil bidra med det finansieringsmodellen legg opp til. Så må Stiftinga justera drifta deretter. Men det er klart at det samla tilskotet må vera stort nok til at ein kan driva god kulturformidling gjennom musea i fylket.

Tre grunnar til kutta i tilskotet frå fylkeskommunen

Assisterande fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad, forklarar kutta dei har gjort i driftstilskotet med tre faktorar.

– For det første grunna fylkeskommunen sin totale økonomiske situasjon - me kuttar på alle frontar. For det andre fordi fylkeskommunen over tid har teke det meste av auken i den totale offentlege støtta til musea medan nivået for kommunane sitt vedkomande har stått ganske i ro. For det tredje fordi kommunane i Sogn og Fjordane har bidrege med tilhøvesvis lite samanlikna med kommunar i mange andre deler av landet.

Erikstad understrekar at ho forstår kommunane er i ein periode med tøffe prioriteringar.

– Kommunane slit, men det gjer me også. På bakgrunn av dei tre nemnde faktorane har altså fylkeskommunen eit ønskje om at kommunane skal bidra meir.

Tilbake i formannskapssalen i Lærdal minner Gro Starheimsæther om at dei ved å signera avtalen bitt seg opp til ei årleg finansiering på 325 000 kroner i fire år.

– Det må me vera klar over. Me kan kanskje seia at me er med i 2017, men ikkje fram til 2021, som avtala legg opp til.

Formannskapet vart einige om at ordførar Solheim skal ta ein runde med dei andre kommunane i Sogn og høyra kva dei gjer, for så å ta endeleg stilling til avtalen om tilskot i kommunestyret. Vidare at fylkeskommunen vart gjort kjend med formannskapet sine synspunkt på at kommunane skal dekkja inn det fylkeskommunen kuttar. 

Til toppen