HYLLESTAD: Koronasmitte i Hyllestad.
HYLLESTAD: Koronasmitte i Hyllestad. (Foto: Egil Husabø / Wikipedia/Arkiv )

Lokalsamfunnet i Hyllestad kan no friskmeldast

Meiner dei har god oversikt over koronautbrotet.

Hyllestad: Hyllestad kommune si beredskapsleiing har i dag hatt møte, og vi har no god oversikt over koronautbrotet. Folkehelseinstituttet (FHI) deltok i beredskapsmøtet, og har gitt oss gode råd til det vidare arbeidet, skriv kommunen på sine heimesider. 

– Frå måndag 12. oktober vil skule, SFO og barnehage opne igjen, med naudsynte smitteverntiltak.

Det same vil Hyllestadhallen og aktiv på dagtid. 

– På sjukeheimen vil vi enno i ei tid framover ha besøksrestriksjonar, ta kontakt for å avtale besøk. Det er laga til eit eige besøksrom på Eiklund sjukeheim, der du som pårørande kan treffe bebuar. Det vil ikkje vere mogleg å besøkje ein bebuar på rommet, dette for å hindre ei eventuell smitte å komme inn i avdelingane.

80 stadfesta smittetilfeller 

Koronautbrotet var eit stort utbrot, eit av dei største i landet. 

Det er stadfesta 80  smittetilfeller i Hyllestad, samt enkelte tilfeller i nabokommunane som har samanheng med dette utbrotet. Dei som er smitta har heldigvis alle milde eller få symptom på korona, og ingen har vore lagt inn på sjukehus. Personar som har fått påvist smitte er alle i isolasjon til dess dei er sympomfrie.

Kommunestyret gjorde i går vedtak om å stenge Havyard til og med 19.10.2020, og det er god dialog mellom kommunen og verftet om ulike tiltak for å hindre ytterlegare smitte og handtere eventuelle nye tilfeller.

Det er no nokre i isolasjon på brakker på Havyard sitt område, og nokre i karantene. Det er sendt fleire  personar i isolasjon på koronahotell i Bergen, og i karantene til Bergen og Førde. Retesting (test nr 2) syner at ingen i karantene som har teke denne testen er positive. Dette gir god grunn til å vere optimistisk, skriv kommunen.

Til toppen