UTVIKLING: Sivilarkitekt Maria Molden la fram to alternative framtidsplanar for bruken av kulturhuset i Lærdal onsdag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
UTVIKLING: Sivilarkitekt Maria Molden la fram to alternative framtidsplanar for bruken av kulturhuset i Lærdal onsdag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Lokalt eller internasjonalt kultursenter?

Onsdag dsikuterte næringslivsaktørar og politikarar to ulike framtidsplanar for kulturhuset i Lærdal. 

Lærdal: – Ein kan byggja ei spektakulær gangbru over frå Villakssenteret til Støndalii, seier Ola B. Silverts, samfunnsplanleggjar hos Cubus. 

Næringslivsaktørar, politikarar og kulturinteresserte var samla onsdag på Lærdal Kulturhus for å diskutera framtida til bygget. 

Les også: Utvidar driftsansvaret

Besøkstala har gått dramatisk ned

– Kultur er kanskje ikkje det fyrste ein tenkjer på å prioritere i dystre innsparingstider som kan gå ut over kvaliteten på sjukeheimen og barnehagane, seier Silverts. 

Han meiner likevel det er på sin plass å snakka om planane, for ellers blir dei vertfall ikkje realisert. 

Les også: Same landskap sett med ulike auge

I år er det 20 år sidan Villakssenteret og kulturhuset opna. Det er også fem år sidan Sogn Kunstsenter opna dørene. Då huset fyrst opna, var det opp i mot 50.000 besøkjande. I 2001 var talet halvert og i fjor telte ein berre 10.000 besøkjande. 

– Tematikken i bygget er bra. Trass i elendig skilting og lite marknadsføring. Mange skuldar på laksedreparen gyro som kom kort tid etter opninga i 1996. Kunstsenteret i Lærdal har lokale som tilhøyrer 1. divisjon, men spelar diverre berre i 4. divisjon. Ambisjonane var litt høgare for dette bygget, seier Siverts. 

Les også: Diskar opp med kunst og laks

Verken Villakssenteret eller Kunstsenteret har blitt det eldsjelene brann for. 

– Fasilitetar andre kan drøyme om

Cubus-representanten meiner reiselivet i Lærdal har mange gode og konkrete tiltak, men at Lærdal som merkevare må vera tydlegare. 

– Ein må tenke i pakkar, som til dømes for barnefamiliar. Aktørane i næringslivet må samarbeida og kommunen må leggja til rette og stå for koordineringa. Lærdal har fasilitetar som få kan drøyme om. Det er flotte ramme, men lite innhald i høve til potensiale, seier Silverts.

Les også: Startar frå scratch for å finne ut kva kulturhuset skal vera

Han meiner heile bygget ber preg av sparebluss og improvisasjon. 

Må satse anten lokalt eller nasjonalt 

Villaks og kunst er i ferd med å forvitra. Lærdal har nok med attraksjonar, men må skapa eit betre innhald, meiner arkitektane i Cubus. 

– Anten må ein satsa på eit lokalt kulturhus eller ein internasjonal reiselivsdestinasjon, seier Maria Molden, sivilarkitekt i Cubus. 

Ho ser for seg ei framtid der rådhuset er den naturlege møteplassen. Samstundes som ho ønskjer å styrka forholdet til naturen, laksen, elva og fjorden. 

– Fjorden er ein identitetsberar. Den må inn som ein del av sentrumsbilete. Lokale i Gamle-Øyri må rustast opp, seier ho. 

Flotte og gode lokal

Det har lenge vore spelt fram at biblioteket burde flyttast ned på kulturhuset og opptre meir som ein møteplass, enn berre å låna ut bøker. 

– Kulturhuset har romslege kvalitetar og fungerar ypperleg som utstillingsarena. Bygget er betre enn mange stader som arrangerer internasjonale arrangement. Foajéen er ein viktig stad, men akkurat no, lyser den av tomheit. Her ligg det mykje potensial. Det er også rom for å nytte seg av naturkulissene og bruka uteområde meir, seier Molden. 

Les også: Soga om bygdepuben

Om ein skal nytta kulturhuset lokalt, burde det fungera som øvingslokaler for kulturskulen og treningssenter, meiner arkitekten. 

– Ein kan laga Gjesme-yoga, konsert på bibliotekskafeen og laga pub i helgene. Her kan ein samle alle kulturhusfasilitetane, seier Molden. 

Ein nasjonal reiselivsdestinasjon

Om kommunen vel å gå for alternativ nummer to, vil kulturhuset bli omgjort til ein nasjonal reiselivsdestinasjon. 

– Her vil ein kunne oppleve laks og kunst, ha nettverksbygging, arrangere villaks-camp og drive kompetansesenter for kunst og laks, seier Molden. 

I staden for eit vanleg bibliotek, vert det føreslått å spesialisera det på kunnskap om laks og kunst. Cubus-gjengen ser også føre seg at huset kan brukast som eit knutepunkt for kortreiste matopplevingar i dalen. 

– Ein kan lære meir om korleis maten vert produsert og den sterke historia til Lærdalssamfunnet med brannen og laksefiske, seier Molden. 

Fordeler og ulempar 

Om ein vel å satse lokalt, vil det skapa ein felles møteplass for lærdølene og samla kultur- og treningstilboda i kommunen. Ulempa med dette alternativet er at ein mistar Villakssenteret og identiteta som det fører med seg. 

– Gamlebanken vil også slutte å fungera som øvingslokale for kulturskulen, seier Molden. 

Dersom lærdølene vel å gå for det internasjonale alternativet, vil kommunen bli styrka som besøksdestinasjon, noko som vil skapa ringverknader for resten av bygda.

– Det vil føra til auka besøk og aktivitet. Kompetansen i nærområde vil også bli styrka. Med dette alternativet vil det også komme fleire arbeidsstillingar, enn for det lokale alternativet. Vår oppgåva er å synleggjera moglegheitene. Så er det opp til lærdølene å ta dei store vala, avsluttar Molden.  

Til toppen