Leikanger: SKALD forlag har lenge hatt fokus på nynorsk litteratur for både vaksne og born.
No satsar forlaget på nytt innan barnelitteratur på nynorsk og har tilsett eigen barnebøkredaktør, nemleg Ylva T. Tyssing. Det går fram av ei pressemelding.
– Eg har heilt sidan eg byrja i Skald vore begeistra for barnebøkene, så å ta over den stafettpinnen er veldig stas, seier Tyssing.
Etterspurt bokserie
Tyssing si første oppgåve blir å utvida ein av dei mest etterspurte bokseriande for dei minste, nemleg Storemonster og Lillemonster.

Forteljingane om Storemonster og Veslemonster har vore populære i mange barnehagar sidan dei fyrst stakk dei bustete hovuda sine inn norske dører i 2011.
Tyssing lovar at dei minste lesarane skal få mykje å glede seg til i år.
Tyssing vil helst halde korta tett til brystet ei lita stund til, men ho trur det blir eit spanande år.
– Vi jobbar med ei bok om småkryp til dei minste, røpar ho.